Hopp til innhold

Sommarvikariat - helsesekretær, sekretær, og medisinstudentar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Helsesekretær, sekretær og medisinerstudent - sommarvikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
18
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 4. mars

Vi ser etter deg som set pasienten i fokus, som trivast med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar.

Sommaroppdraga varar normalt 4-8 veker og typiske oppdrag vil vere i ekspedisjon, poliklinikk og på sengepost. Behovet er størst i veke 25-33. Ved behov kan det vere aktuelt med oppdrag før/etter sommaren 2026. Oppdraga vil vere ved somatiske einingar knytt til Haukeland universitetssjukehus og Divisjon psyksik helsevern. 

Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge og kva veker du kan jobbe. Kandidatatar som kan jobbe samanhengande vil bli prioritert. 

Du kan lese meir om dei ulike avdelingene her.


Arbeidsoppgåver

Følgande avdelingar har behov for sommarvikarar: 

Lungeavdelinga, sengepost 1 og 3 er mellom dei største lungemedisinske einingane i Noreg og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin.
Kontoreininga består av 14 kompetente medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. ​​​​​​​Vi jobbar tett opp mot sjukepleiarar, legar og andre medarbeidarar på Lungeavdelinga slik at vi saman får til gode pasientforløp og god koordinering. Vi er involvert i mange prosessar men vårt kjerneområde er innanfor det administrative, med særleg fokus på god samhandling internt og å yte best mogleg service til våre pasientar. 

Kreftklinikken, Seksjon for kontor har 25 sekretærar i poliklinikk, sengepostar og strålebehandling. Vi jobbar óg med koding og kvalitetssikring av registreringar i vårt journalsystem. I sommar treng vi hjelp til å bemanne resepsjonen i poliklinikken vår, og til å svare telefonar frå pasientar, pårørande og andre som ringer oss.

Kirurgisk klinikk held til i Sentralblokka på sjukehuset. I ekspedisjonen vår ønsker vi å ta imot alle våre pasientar og rettleie dei til å få eit godt første møte med oss. I sommar treng vi sekretær til å gjere nettopp dette. Pasientane våre er i hovudsak kreftpasientar, men vi har også andre kirurgiske pasientar med benigne diagnosar. Du må vere utdanna medisinsk sekretær eller helsesekretær for å utføre jobben hos oss. Du vil få god opplæring. Vi har et dynamisk og aktivt arbeidsmiljø som baserer seg på at "ingen spørsmål er dumme" - her er vi åpen med hverandre og arbeider teambasert på alle nivå. 

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ivaretar barn og unge med kutte og kroniske sjukdommar til dei er 18 år. BUK er regionsjukehus på Vestlandet og er leiande i behandling av barnesjukdommar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling, og ivaretar både lokale, regionale og nasjonale oppgåver innanfor pediatri. 

Kvinneklinikken tar årleg i mot mellom 4000 og 4500 fødande. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omland, tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet. Vi har også eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Vi er rundt 500 medarbeidarar ved Kvinneklinikken og vi har flytta inn i nye, flotte lokale i Glasblokkene.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Skadepoliklinikken I Bergen Helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken Helse Bergen og Bergen legevakt, den allmennmedisinske legevakta til Bergen kommune. Skadepoliklinikken behandlar akutte skadar i armar og bein, som brot og forstuvingar, kutt, sår og brannskadar.  

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar, og deira pårørande. Dette kan til dømes vere utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrringar, AD/HD, depresjon, tvangslidingar, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar, skulevegring, m.m. Vi består av både poliklinikkar (BUP) og sengepostar.

Kronstad (DPS), kontorseksjon Kronstad DPS tilbyr gode og trygge tenester og har ansvaret for sentrumsregionen i Bergen (bydelene Bergenhus, Årstad og Ytrebygda), og befolkningsansvaret omfatter ca. 100.000 mennesker over 18 år. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar. 

Arbeidsoppgåvene kan varierer frå avdeling til avdeling

  • Koordinering og planlegging
  • Administrative oppgåver i Dips
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
Kvalifikasjonar
  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær eller medisinarstudent. Andre helsefagstudentar med relevant erfaring kan og søke 
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (Dips) er ein stor fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • God på samarbeid
  • Nøyaktig
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel og har evne til å ta utfordringar

Vi tilbyr:
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Opplæring etter behov 
  • Eit triveleg arbeidsmiljø 
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5082806728
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Cathrine Fauske Haferkamp

Seksjonsleiar

99426755

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16b50f2a-004d-45e5-9fc7-6138d67cdfd8

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e5febb749d8f4d1f926f9aafa8525afd

Lignende annonser