Hopp til innhold

Jobbspesialistar Nav region Bergen

Arbeidsgiver

Nav Bergen sentrum // Arbeid med støtte

Sted

Møllendalsveien 8, 5009 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Jobbspesialistar Nav region Bergen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 19. mai

Nav Bergen sentrum utvidar Arbeid med støtte-teamet og søkjer tre engasjerte jobbspesialistar.

Vi ser etter deg som har tru på at alle menneske – uavhengig av utfordringar eller helseproblem – kan få og behalde ordinært arbeid med rett støtte. Du trivst i eit aktivt og oppsøkjande arbeid, byggjer relasjonar lett og handterer endringar og uforutsigbarheit på ein god måte.

Som jobbspesialist blir du del av eit sterkt fagmiljø og får solid fagleg støtte i teamet, frå metodereettleiar og frå regionen sitt fagnettverk. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din på noko som verkeleg betyr noko – for enkeltmenneske, arbeidsliv og samfunn.

Avdelinga består av 24 dyktige og engasjerte jobbspesialistar, fordelt på fire team ved Nav-kontora i Bergen. Vi jobbar tverrfagleg og med utgangspunkt i kvar einskild deltakar sine behov. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der samarbeid, kunnskapsdeling, kompetanseutvikling og fleksibilitet står sentralt.

Kontorstad for stillingane er Nav Bergen sentrum, Nav Bergen nord og Nav Bergen vest, men avdelinga leverer tenester til heile region Bergen.
I søknaden ber vi deg skrive kva som motiverer deg for stillinga, og korleis bakgrunnen din er relevant for rolla.

Stillingane er ledige frå 01.08.2026.  


Kva går jobben ut på?

  • kartleggje erfaringar, ressursar, interesser og jobbønskje hos arbeidssøkjarar, og leggje ein plan for vidare prosess mot jobb
  • bistå i søkjeprosessen og gje jobbstøtte på arbeidsplassen
  • bruke store delar av arbeidsdagen til å oppsøkje, byggje nettverk med og samarbeide aktivt med arbeidsgivarar
  • følgje opp deltakarar på arbeidsplassen og involvere aktuelle samarbeidspartnarar
  • engasjere og motivere deltakarar, arbeidsgivarar og kollegaer
  • ha ansvar for framdrift i eigen portefølje, samt dokumentere og rapportere i eige fagsystem
  • jobbe etter Supported Employment (SE)-metodikk
  • bidra aktivt til at vi når målkravet vårt om 65 % overgang til løna arbeid

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet
  • rettleiingskompetanse og/eller erfaring frå rettleiing, motivasjonsarbeid eller oppfølgingsarbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
  • kompetanse innan arbeidsmarknad
  • inkluderingskompetanse
  • kjennskap til Supported Employment-metodikk

Kva ser vi etter hos deg?

  • god til å byggje relasjonar og kommuniserer godt med ulike menneske
  • har evne til å motivere og skape engasjement
  • er strukturert, men fleksibel når situasjonen krev de
  • løysingsorientert og initiativrik

Kvifor velje oss?

  • meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i tverrfaglege team
  • eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • kurs og opplæring innan SE-metodikk
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 630 000 til kr 660 000. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Unni Andersen, Avdelingsleder Arbeid med støtte region Bergen, 45774545, unni.andersen@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5117757261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Unni Andersen

Avdelingsleder Arbeid med støtte region Bergen

45774545

unni.andersen@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1665edaf-c67f-4e4a-bca0-46a616bf01a4

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c09533b0505a497796b39028888a7501

Lignende annonser

Laster lignende annonser