Kjøkken og kantine
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkken og kantinemedarbeidar
Oppstart
2. desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Me søkjer etter kokk til 100 % stilling i vikariat frå snarast - august 2025.
Arbeidet inneber jobb på dagtid og kveldstid (til kl. 19.00), og har arbeid 3. kvar helg.
Kjøkkenet produserer og leverer mat til pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset.
På grunn av oppussing av kjøkkenet vert kjøkkendrifta for tida utført i eit midlertidig brakkerigg.
Innflytting i heilt nytt kjøkken er planlagt vinteren 2025, så dette vert ein spennande periode der du kan få moglegheit å vera med i flytteprosessen og oppstart i det nye kjøkkenet med mange gode løysingar og alt utstyr er nytt!
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. Voss sjukehus har rundt 400 tilsette.
Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Tilbereding og produksjon av varm og kald mat
- Hygiene og mattryggleik
- Oppvask, rydding og reinhaldsoppgåver
- Service i kantine ved kjøp og salg av mat og drikke
- Varemottak
- Jobb i turnus, med dag, kveld og helgearbeid
Kvalifikasjonar
- Interesse og erfaring med tillaging/servering av mat
- Det vert lagt vekt på god kunnskap og erfaring med godt reinhald og god hygiene i alle ledd
- Kunnskap om ernæring og spesialkostar er ei føremon
- God på service
- Evne til å ta initiativ
- Den som vert tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
- Fagbrev er ynskjeleg, men personlege eigenskapar, erfaring og interesse for faget kan erstatte fagbrev
Personlege eigenskapar
- Like eit hektisk kjøkkenmiljø
- Allsidig og ansvarsbevisst med evne til å sjå arbeidsoppgåvene og ta initiativ
- Vera god på samarbeid
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv og serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Nyoppussa kjøkken som står klart i byrjinga av 2025
Me oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Tesdal, Seksjonsleiar kjøkken, +47 56533605Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4891269595
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.12.2024
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Kristin Tesdal
Seksjonsleiar kjøkken
+47 56533605
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2802149
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c42269bad8484c4a997c9179b46e8d77