Vil du sørge for at våre fartøy er i topp teknisk stand?
Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Teknisk inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vi har eit sterkt fokus på å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport.
For å styrke den tekniske kompetansen og forbetre drifta har vi samla alle våre tekniske inspektørar og fagkompetanse i ei ny teknisk avdeling i drifstorganisasjonen. Vi ønsker å styrke dette laget og er no på jakt etter nye tekniske inspektørar. Er du ein teknisk dyktig og løysingsorientert person som ønskjer å vere med på å sikre at våre fartøy og ladeanlegg held topp kvalitet? Då er du den vi leitar etter!
Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert portefølje. Dette betyr mellom anna at du vert ansvarleg for fartøy & ladeanlegga sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative.
Du vil være eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og fartøya som er i drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald.
Her treng du ikkje superkrefter men du må ha god teknisk kompetanse. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du må like å operere sjølvstendig, og skape gode relasjonar til kollegaer.
Kvifor skal du søkje?
Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du vil få handsame tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og jobbe tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar.
Arbeidsoppgåver
Som teknisk inspektør får du ansvar for oppfølging og kvalitetssikring av ei definert fartøyportefølje. Du vil vere ein viktig brikke i å sikre at fartøya til ei kvar tid er teknisk operative.
- Teknisk oppfølging av fartøy & landanlegg
- Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald
- Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos)
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap
Stillinga vil innebære noko reising
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trives i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss vil du ta ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.
For å lykkast og trivast i rolla ser vi for oss at du har:
- Høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro, nautikk eller liknande
- Kjennskap til skip og maritim drift
- Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg
- Er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy
- Strukturert og løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig
- Evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Bli med på å forme framtida!
Hos Fjord1 får du moglegheita til å jobbe med verdsleiande teknologi og vere med på å skape framtidas grønne transportløysingar. Du vil få ansvar og moglegheita til å påverke viktige tekniske avgjerder, samtidig som du får høve til å utvikle deg fagleg. Vi legg stor vekt på trivsel på arbeidsplassen og tilbyr fleksible arbeidsvilkår, konkurransedyktig løn og solid pensjonsordning. Hos oss får du eit arbeidsmiljø som legg til rette for både personleg og fagleg vekst, og der innovasjon og samarbeid er i sentrum.
Er du klar for å ta utfordringa og gjere ein forskjell?Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1!
Kontaktinformasjon
Leif Arne Hundeide, Teamleiar teknisk, 46811320, Leif.Arne.Hundeide@fjord1.noGeir Hillersøy, Leiar teknisk driftseining, 90010855, geir.hillersoy@fjord1.no
Regine Gausemel, HR rådgjevar, +47 95440058, regine.gausemel@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156905 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4951000819
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2912797
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4abd86279ec0421396f3adbd839b35bf