Hopp til innhold

Vi treng ein person i skule og sfo, gjerne ein miljøarbeidar eller barne- og undomsarbeidar.

Arbeidsgiver

Stette Friskule Sa

Sted

Bjønnaberget 9, 6260 Skodje

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Miljøarbeider (barne- og ungdomsarbeid)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Stette Montessoriskule er ein privat grunnskule for 1.--7. trinn. Pedagogikken vår er basert på Maria Montessori sine idear om læring og utvikling.

Stillinga er knytt til både skule og SFO, der leik, samhald og gode relasjonar står sentralt. Hos oss møter du glade, leikne og lærelystne barn -- og vaksne som sjølve er nysgjerrige, engasjerte og opptekne av læring.

Vi er interessert i å høyre frå deg om:
  • bidreg til eit positivt og inkluderande miljø

  • er fleksibel og løysingsorientert

  • er god til å sjå kvart enkelt barn

  • arbeider sjølvstendig og strukturert

  • har gode samarbeidsevner

  • viser engasjement i arbeidet ditt

  • trivst med å skape gode og trivelege opplevingar saman med andre

  • har godkjent politiattest

Vi ønskjer at du er kvalifisert for stillinga du søkjer på. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi kan tilby
  • gode løns- og arbeidsvilkår

  • medlemskap i KLP

  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

  • ei positiv, aktiv og leiken barnegruppe

  • engasjerte føresette

Aktuelle kandidatar vil kallast inn til intervju.

Arbeidstid
  • arbeid i skuleferiar (ikkje jul, påske og juli)

  • ettermiddagstid, om lag 2 timar dagleg

Om bedriften

Stette Friskule er ein montessoriskule i idylliske omgjevnader, innramma av fjord og fjell. Vi har 60 elevar og 10 tilsette fordelt på 1.--7. trinn.

Vi er opptekne av å skape ein skulekvardag der kvar elev blir sett, opplever meistring og får utvikle seg i sitt eige tempo. Med høg vaksentettleik og stabile relasjonar legg vi til rette for eit trygt, inkluderande og engasjerande læringsmiljø.

Gjennom praktisk og utforskande undervisning, tett samarbeid med føresette og bruk av nærmiljøet, ønskjer vi å gi elevane ei kjensle av tilhørigheit og motivasjon for læring.


Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16273564-b5de-475b-8352-f98141dd9749

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

16273564-b5de-475b-8352-f98141dd9749

Lignende annonser

Laster lignende annonser