Hopp til innhold

Førstekonsulent/seniorkonsulent ved Holbergprisen

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Haakon Sheteligs plass 11, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Førstekonsulent/seniorkonsulent ved Holbergprisen
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. desember

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Førstekonsulent/seniorkonsulent ved Holbergprisen

Velkommen som søkjar til ei fast 30% stilling som førstekonsulent eller seniorkonsulent ved Holbergprisens sekretariat. 

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen. Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Vi søkjer ein person som har erfaring med planlegging og gjennomføring av arrangement, kommunikasjonsarbeid og formidling. Ein sentral del av arbeidet vil vere planlegging, promotering og gjennomføring av arrangement knytt til Holberguken og Holbergprisen i skolen sine aktivitetar, samt ulike administrative oppgåver. Den som blir tilsett i stillinga vil ha arbeidsstad på Fastings Minde på Høyden, sentralt i Bergen, og arbeide tett saman med kollegaer i Holbergprisen. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing.


Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og avvikling av fysiske og hybride arrangement.
  • Arbeid med innhald til nettstaden holbergprize.org.
  • Arbeid med sosiale medium, blant anna planlegging, utforming av innhald og betalt annonsering.
  • Arbeid med e-postkommunikasjon, mellom anna oppdatering av kontaktlister.  
  • Ta del i andre administrative oppgåver i sekretariatet si daglege drift. 

Stillinga inneber tidvis meirarbeid knytt til arrangement og arbeidsintensive periodar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren bør ha utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjaren må ha svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne, både på norsk og engelsk.
  • Arbeidserfaring frå vidaregåande skule er ein fordel, helst innanfor humanistiske og/eller samfunnsvitskaplege fag.  
  • Erfaring frå koordinering og planlegging av arrangement er ein føresetnad.
  • Søkjaren må ha god digital kompetanse. Erfaring med Adobe Creative Cloud og/eller nettpublisering er ein fordel.  
  • Erfaring med videoproduksjon og -redigering er ein fordel.
  • Evne til å ta initiativ, vere fleksibel, vand med å handtere mange oppgåver samstundes, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig, og være ein god lagspelar i en liten organisasjon.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Ein hyggeleg arbeidsplass med trivelege kollegaer i ein dynamisk og fagleg interessant organisasjon. 
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i årsløn kr. 559 400  - 600 000, eller seniorkonsulent (kode1363) i årsløn 611 900 - 650 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å ta kontakt med:  Administrativ leiar for Holbergprisens sekretariat, Ingrid Ovidia Moe Telle, tlf. 415 14 781 / e-post ingrid.o.telle@uib.no,  eller fagleg leiar Bjørn Enge Bertelsen, tlf. 411 03 883 / e-post bjorn.bertelsen@uib.no.   

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.   


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16174e43-a945-4427-ae11-2dfa08c810b2

Sist endret

19. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316567

Lignende annonser

Laster lignende annonser