Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat)
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. desember
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).
Det medisinske fakultet ønskjer deg velkomen til å søkje eit vikariat som seniorkonsulent i studieseksjonen. Tiltreding er så snart som mogeleg, og vikariatet varar fram til 30.september 2027.
Seksjonen leverer og koordinerer studieadministrative tenester for alle utdanningane ved fakultetet. Arbeidsoppgåvene i stillinga vil i stor grad, men ikkje utelukkande, vere knytt til medisinstudiet.
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming på studiefeltet, til dømes knytt til studieprogresjon, godkjenning av utdanning, tilrettelegging og klagesaker.
- Informasjonsarbeid i infosenter og digitale kanalar.
- Planlegging og gjennomføring av arrangement som studiestart og avslutningsseremoniar.
- Administrasjon av mentorordninga ved fakultetet.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Minimum to års relevant administrativ erfaring er eit krav.
- Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren, og særleg studieadministrativt arbeid, er ein føremon.
- God digital kompetanse og ferdigheiter innan administrative IT-verktøy er eit krav.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk er eit krav.
Vi søkjer ein person som
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
- er initiativrik, imøtekommande og løysingsorientert.
- er systematisk og ansvarleg, og kan arbeide sjølvstendig.
- har evne til å raskt sette seg inn i nye arbeidsoppgåver, arbeidsprosessar og digitale system.
- vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er
naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 615 000 – 650 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar av studieseksjonen, Martha Houen Dahle, på tlf 55 58 63 40 eller e-post martha.dahle@uib.no. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, på tlf. 55 58 52 88, epost: therese.odfjell@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c437cfdc-c6d0-4b08-93fb-de4d9438f054
- Sist endret
16. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316120