Sjukepleiar 100% i døgnturnus
Alver kommune
Radøyvegen 1625A , 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - 100% døgnturnus - Psykisk helse og rus
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. april
Om avdelinga og stillinga
Me har ledig ei fast stilling som sjukepleiar ved Radøy Interkommunale busenter (RIB).
Radøy interkommunale busenter er eit heildøgnsbemanna busenter for personar med psykisk helseproblem. Bebuarane har kvar si leilegheit med kjøkkenkrok og bad. I tillegg er det 2 fellesstover, felleskjøkken og felles vaskerom til disposisjon for bebuarane.
Arbeidsstaden har for tida tilsette i medleverturnus, langvakter samt våkne nattevakter.
Kvalifikasjonskrav
- Sjukepleiar med autorisasjon
- Brei erfaring med tilsvarande type miljøarbeid innanfor feltet psykisk helse og rus. Det er viktig du dokumenterer dette i søknadsteksten din
- Personleg egnaheit vert vektlakt - det er viktig at du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tålmod
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er eit føremon om du har erfaring med arbeid innanfor geriatri
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid
- Sikre ein god heim med tenester i samsvar med behov og ønskjer
- Følgje opp brukarane i og utanfor busenter
- Gje bistand i daglege gjeremål
- Legemiddelhandtering
- Rapportering munnleg og skriftleg
- Aktiviteter med bebuarane, individuelt og felles (handling, turer, samtalar)
- Sikre godt samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartar
- Primærkontaktoppgåver
Kven er du?
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
Ønska kvalifikasjonar
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Ved arbeidssenterene arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
- Fagutvikling
- Rettleiing
- Tilsetjing ihht gjeldande avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om bedriften
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.
Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
Sektor
Offentlig
Nettsted