Stranda kulturskule - fagleiar
Kultur og fritid, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
Stillingstittel
Stranda kulturskule - fagleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Vi har ledig 100% fast stilling som fagleiar i Stranda kulturskule frå 01.06.2025. Stillinga er delt mellom 50% administrasjon og 50% undervisning. Fagleiar, stillingskode 9454, er plassert i Hovedtariffavtalen kap. 3, pkt. 3.4.3.
Kulturskulen er organisert i eining kultur og fritid med kulturleiar som einingsleiar.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta av kulturskulen
- Dagleg oppfølging av personale
- Samarbeid med brukarar av kulturskuletenester
- Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ leiar for utvikling av kulturskulen
- Økonomi, herunder utarbeide fakturagrunnlag, utføre innkjøp av materiell og utstyr til undervisninga, fakturabehandling samt å disponere midlar innanfor tildelt ramme
- Kommuna sin kontaktperson for "Den kulturelle skulesekken", "Ung kultur møtast" (UKM) og Norsk Kulturskuleråd
Kvalifikasjonar
- Kulturfagleg og pedagogisk utdanning på høgskulenivå
- Kjennskap til kulturskule og kulturarbeid
- Erfaring med administrasjon og gode organisatoriske evner
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Er løysingsorientert og fleksibel
- Brei og variert realkompetanse kan vege opp for formell utdanning.
- Det er ønskjeleg at søkjaren har gyldig førarkort og disponerer bil
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både elever, foresatte og kollegaer
- Du er strukturert med evne til å planlegge og prioritere oppgåver slik at fristar og mål vert nådd.
- Du er sjølvstendig, nytenkande, kreativ og utviklingsorientert
- Du har evne til å vise empati for medarbeidaren, bidra til eit positivt arbeidsmiljø og høg grad av trivsel
- Du er lojal i forhold til organisatoriske strukturar som interne retningsliner og reglement
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Kulturskulen disponerer tenlege og moderne lokale ved Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum.
- Meiningsfylt arbeid og faglege utfordringar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege og godt kvalifiserte kollegaer
Kontaktinformasjon
Tone Merete Lillebø, KommunalsjefArbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4947155651
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Tone Merete Lillebø
Kommunalsjef
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2908079
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23691157bbb9427ab8a3d1c3babcca99