Hopp til innhold

Project Manager

Arbeidsgiver

Ulstein Power & Control AS

Sted

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Project Manager
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Vil du bli ein del av eit engasjert og kompetent team?

Ulstein er kjend for innovasjon, pålitelegheit og sterke relasjonar til kundane våre. Ulstein Power & Control AS leverer integrerte løysingar som bidreg til at skipseigarar oppnår høgare effektivitet, reduserte kostnadar og kan ta viktige steg mot ei meir berekraftig framtid.  
Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap. Vi leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i både inn- og utland.

Ulstein Power & Control AS er i utvikling og vekst og søkjer fleire nye medarbeidarar.

I stilling som Project Manager ser vi etter deg som ynskjer å påverke, skape resultat og vere ein aktiv bidragsytar i utviklinga av prosjektavdelinga vår. Du vil koordinere eit solid og erfarent fagteam, og ha ansvar for å sikre gode leveransar til kundar i Noreg og internasjonalt. Vi søkjer difor ein relasjonsbyggande og løysingsorientert person som trivst med ansvar og samarbeid, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit framtidsretta selskap i vekst.

Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik og kontor på Moa i Ålesund.

Kvifor velje Ulstein Power & Control?
  • Eit framtidsretta og kompetent miljø
    Du blir del av eit sterkt fagmiljø som jobbar med leiande maritime teknologiløysingar og har eit tydeleg fokus på innovasjon og berekraft.
  • Gode utviklingsmoglegheiter
    Hos oss får du fagleg påfyll, ansvar og høve til å påverke retninga på både prosjekt og teknologiutvikling.
  • Fleksibilitet og konkurransedyktige vilkår
    Vi tilbyr løysingar som gjer det lettare å kombinere jobb og kvardag, i tillegg til gode og marknadstilpassa betingingar
  • Samarbeid med bransjens beste
    Du jobbar tett med engasjerte, dyktige kollegaer og bidreg til å forme morgondagens maritime system og løysingar.

 


Arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiing  
  • Ansvar for levering av systemleveransar i hht. kontrakt - til avtalt tid, kost og kvalitet
  • Oppfølging av budsjett og kontraktar
  • Koordinere og styre interne delprosessar frå kontrakt fram til overlevering
  • Bidra i arbeid inn mot sal, service og ettermarked
  • Noko reiseverksemd må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk bakgrunn og innsikt i skipsbygging
  • God kontraktsforståing
  • Erfaring frå maritim bransje
  • Kompetanse innan prosjektleiing
  • Teknisk utdanning (MSc / BSc / Teknisk Fagskule)
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar 
  • Service- og kundeorientert
  • Utprega lagspelar med god integritet, kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Initiativrik, strukturert og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit tverrfagleg fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjons- og gode forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Stephen Thorheim Røyset, Project & Engineering Manager, 9586 1 161
Katrine Sundal, HR Manager, 480 17 937

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS

Referansenr.: 5065651242
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.


Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

15e29c60-9a1d-462f-b665-7be41e9538eb

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4b1326eb136e4572a3d7472eb1da0b1e

Lignende annonser