Vil du bli sjukepleiar i eit dialysemiljø med fagleg puls og varmt hjarte?
Dialyse/nyremedisinsk poliklinikk - Haugesund sjukehus
Kamsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 13. juni
Då kan dette vere stillinga for deg.
Dialyseeininga ved Haugesund sjukehus har no ledig ei fast stilling som sjukepleiar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement – og kollegaer som ser kvarandre og stiller opp når det trengst.
Vi arbeider med hemodialyse, peritonealdialyse, nyremedisinsk poliklinikk og transplantasjonsutgreiing. Som sjukepleiar hos oss får du følgje pasientar gjennom sårbare og krevjande forløp, og du får tid og rom til å bli trygg i det spesialiserte fagfeltet.
Opplæring og fagleg utvikling er ein naturleg del av jobben. Vi har to-delt turnus, med arbeid kvar fjerde helg.
For å gi deg ei trygg og god oppstart, tilbyr vi opplæringsvakter i forkant. Difor ønskjer vi at du kan starte så snart det passar for deg – men vi er fleksible og finn ei løysing saman.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du vil sende oss ein søknad – eller kontakt Guro Fjeldheim Lindanger for ein uforpliktande prat.
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleie og oppfølging av pasientar som får hemodialyse, peritonealdialyse og LDL-afarese.
- Opplæring og rettleiing av pasientar etter prinsippa for primærsjukepleie
- Pasientoppfølgjing av hemodialyse, peritonealdialyse og LDL.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg.
- Relevant sjukehuserfaring frå nefrologi er ein fordel.
- Gode tekniske og systematiske ferdigheita og grunnleggende datakunnskaper.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har struktur og fokus på nøyaktighet i det du gjer
- er oppteken av å skape gode møte med både pasientar og kollegaer
- tek initiativ og er ikkje redd for å gripe nye utfordringar
- trivst med å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
- stiller opp og gjer det som trengst – også når det hastar
- er med på å skape eit trygt og støttande arbeidsmiljø
Personleg egnethet blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap
- moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette ved behov
Kontaktinformasjon
Guro Fjeldheim Lindanger, Funksjonsleder, +47 52732571Arbeidsstad
Kamsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4978237287
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Guro Fjeldheim Lindanger
Funksjonsleder
+47 52732571
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig