Vil du jobbe ein stad der du lærer mykje, får ansvar og jobbar med gode folk?
Hustad fengsel
Hustadvegen 132, 6444 Farstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vil du jobbe et sted der du lærer mye, får ansvar og jobber med gode folk?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga
Hustad fengsel søker etter fengselsbetjentar i 100 % fast stilling i turnus.Hos oss får du gjere litt av alt: alt frå tett miljøarbeid og kontaktbetjentoppgåver til mottak, isolasjon og generell oppfølging av innsette. Du blir ein allrounder med brei erfaring og stor påverknadskraft i kvardagen. Her blir du ikkje låst i ei rolle – hos oss lærer du heile spekteret av fengselsfaget.
Vi ser etter deg som vil vere rollemodell, samtalepartnar og rettleiar – og som kan sette grenser når du må, vise omsorg når du kan, og bidra til å løyse konflikter før dei veks seg store. Ditt bidrag gjer ein forskjell – både for fellesskapet og enkeltmennesket.
Dette er Hustad fengselHustad fengsel ligger vakkert til i Hustadvika kommune, midt mellom Molde og Kristiansund. Fengselet har 60 plassar fordelt på høg og låg sikkerhet, og vi er rundt 60 tilsette i tillegg til ulike eksterne tenester som skule, helse, NAV, bibliotek og kyrkjeleg teneste. Hos oss får du:
• ein variert arbeidskvardag med meningsfulle oppgåver
• eit fagmiljø der du får utvikle deg, delta i kurs og lære heile spekteret av faget
• eit tverrfaglig samarbeid som gir god støtte – både for deg og de innsette
• spennande satsinger på mellom anna rusmestring, butikkdrift og arbeidstrening
Vi legg stor vekt på at både tilsette og innsette skal trives. Det merkast – og det gjer noko med kvardagen.
Hos oss får du også:• aktiv og sosial velferdskomité med jevnlige arrangement for tilsette
• pendlarbustad og dekning av flytteutgifter
• trening i arbeidstida og eige treningsrom
• avsett tid i turnus til opplæring/utvikling/kompetanseheving
• avslappingsrom og kantine med fantastisk god mat
• gratis parkering og lademoglegheit for elbil
• statlege pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
• årslønn fra kr 480 000–573 000 (det vert trukket 2 % innskudd i Statens pensjonskasse)
Arbeidsoppgåver
• Avdelingsteneste og daglege oppgåver knyttet til innsette
• Kontaktbetjentarbeid, miljøarbeid og soningsplanlegging
• Forebygging og motivering av innsette til eit lovlydig liv etter lauslating
• Bidra til fagleg og sikkerhetsmessig utvikling ved avdelinga
• Tverrfaglig samarbeid og dokumentasjon
• Ivaretaking av sikkerhet for tilsette og innsette
• Andre rutineoppgåver
Utdanning og erfaring
Du må ha:• bestått fengselsbetjentutdanning (KRUS)
• førarkort klasse B
• god IKT-kompetanse
• gode skriftlige og muntlige formidlingsevner på norsk
Personlege eigenskapar
• kommuniserer godt og samarbeider lett med andre
• er selvstendig, systematisk og målrettet i møte med innsatte
• er trygg, tålmodig og evner å motivere mennesker i krevende livssituasjoner
• tåler uforutsigbarhet og kan sette grenser med respekt
• bidrar til et godt arbeidsmiljø
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Ane Skorpen-Trøen, tlf. 71 26 30 19.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
15cc4bf7-5501-43ea-b039-2072405bf312
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258132