Lærling Portør
Portør FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Lærling Portør
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
1
Portørar transporterar pasientar, medisinar og utstyr. I tillegg handterar ein avfall og reine/skitne senger på sjukehus. Portørar er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset.
Lærlingar får eigen rettleiar/instruktør, og det er dermed tilrettelagt for individuell fagleg opplæring.
Arbeidet kan være fysisk krevjande og innebærer mykje gåing. Du må like å arbeide med menneske og må være i generelt god fysisk form.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er tilpassa læreplanen sine kompetansemål
- Turnus med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 – vidaregåande trinn 1
- Bestått VG2 – vidaregåande trinn 2
- Helse- og oppvekstfag: Ambulansefag - Helsearbeiderfag - Helseservicefag
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserar, samarbeidar, er imøtekomande og syner respekt for pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er punktleg og påliteleg
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Variert arbeid
- Fagleg og personleg oppfølging
- Løn i samsvar med gjeldande overeinkomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Helse Førde HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Leif Henning Vonen, Seksjonsleiar, (+47) 918 52 530Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4633636115
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2023
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2352258
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8b3cca779d6f44c4bcc622b1e6f1bc44