Bli med å gjer ein forskjell i barns liv
Læringsverkstedet Sæ Barnehage AS
5417 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns liv kvar dag? Læringsverkstedet Sæ barnehage søker barnehagelærar i 100 % stilling!
Om oss
Læringsverkstedet Sæ barnehage har ca 115 barn og 33-36 tilsette, fordelt på 7 avdelingar.
Naturen og nærmiljøet ser me på som ein verdifull ressurs, som me nyttar aktivt kvar dag. Barnehagen ligg på Ås i nærleiken av Leirvik sentrum. Her har me nær tilgang til byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai, og alt som skjer i eit levande sentrum. Me har også tilgang til flotte tur områder, like utanfor porten. Ås skogen og skogen ved museumsparken er populære turmål for dei yngste barna. Me er også heldige som får disponere den gamle korttidsbarnehagen som ligg på museumsområdet.
Dei eldste borna har tilgang på to minibussar, som er i dagleg bruk. Minibussane gir oss gode mogleikar til å nå turmål eit stykke ifrå barnehagen. Desse turmåla kan vera på Stord, Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo og Sveio. Me kjem oss til fjellet, skogen og stranda. Turane vert tilpassa etter barna sin alder, tema og prosjekt, veret og årstida. Barna får mellom anna fiska, gå på oppdagingsferd, klatra, ake, vassa eller gå på topptur.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vera:
- Å vera ein tydeleg og varm voksen i barns kvardag
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen
- Oppfølging av enkeltbarn og grupper
- Samarbeid med kollegaer og føresette
- Bidra til et godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling
- I pedagogisk leiar sitt fråvær skal barnehagelæraren vera stedfortredar
Kvifor jobba hos oss?
Hos oss jobbar du med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø! Me har eit attraktivt pedagogisk konsept med tilgang til mykje pedagogisk materiell i vår ressursbank. Du held deg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og fagopplæring som blir tilbudt. Me har gode pensjons- og forsikringsordninga, samt tariffavtale gjennom PBL. Læringsverkstedet har et løfte til alle tilsette: "Hos oss har du alle muligheter til å utvikle deg både faglig og menneskelig, og gjøre verdens viktigste jobb på best mulig måte."
Kven me trur kan passa i rolla:
Du er ein relasjonsorientert person som ser kvart einskild barn. Du lyttar og er lydhøyr på kva barna ynskjer å formidla. Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evna til å skapa engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling.
Du framstår som løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må du kunne kommunisera med mennesker med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du likar nye utfordringar og jobbar godt under press, vidare er du ansvarsbevisst og sjølvstendig. Me ønsker ein barnehagelærar som er god, varm og ein omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale.
Kvalifikasjonar
- Har godkjent barnehagelærarutdanning (eller tilsvarande utdanning godkjent av UDIR)
- Er en trygg, varm og tilstedeværende voksen
- Har evne til å skape gode relasjoner med både barn, foresatte og kolleger
- Har god samarbeidsevne og et positivt engasjement for barnehageyrket
- Er lojal til barnehagens verdier og arbeidsmåter
- Tar initiativ og ønsker å bidra til utvikling
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Politiattest må framleggas før tilsetting, men skal ikkje leggast ved søknaden
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat