Bli med på laget!
Vindafjord kommune Skjold skule
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
60% vikariat som lærar!
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vikariatet er ei 60 % lærarstilling for heile skuleåret 2025–2026. Du vil inngå i eit team med dyktige og engasjerte kollegaer, og saman har de ansvar for å følgje opp elevane både fagleg og sosialt. Stillinga vil vere knytt til mellomtrinnet, men noko endring kan skje avhengig av kompetansen din og skulen sine behov.
- Undervise og rettleie elevar i tett samarbeid med teamet ditt
- Byggje gode relasjonar og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Vere med på å vidareutvikle god undervisningspraksis i eit støttande og fagleg sterkt fellesskap
- Ta del i eit kollegium som jobbar aktivt med vurdering for læring, tilpassa opplæring og varierte arbeidsformer
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Godkjend lærarutdanning
- Undervisningskompetanse i sentrale fag for mellomtrinnet
- Gjerne erfaring frå arbeid i grunnskulen
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
- Du er ein varm og tydeleg vaksenperson for elevane
- Du samarbeider godt og er open for å dele og lære
- Du har evne til å planleggje og leie læringsarbeid på ein strukturert måte
- Du er løysingsorientert, fleksibel og trygg i klasseleiinga
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
157ebb60-806c-433e-ba19-92476053c15a
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3516399_228563_nn