Assisterande styrar/ Barnehagelærar
Valle og Hylestad barnehagar , Valle kommune
Setesdalsvegen 3411, 4748 Rysstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande styrar/ Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Her får du ein variert arbeidskvardag med 50 % arbeid på avdeling og 50 % administrativt arbeid. Barnehagen i Valle er delt i to einingar. Valle barnehage er ein barnehage med tre avdelinger med totalt 39 barn. Hylestad barnehage har to avdelingar og 31 barn.
Som assisterande styrar vil du ha ein viktig rolle både i den daglege administrative drifta og arbeidet på avdelingane. I den administrative delen av stillinga vil du samarbeide tett med styrar om oppgåver som bemanningsplanlegging, økonomistyring og rapportering. Du vil vere ein ressurs for personalet ved å gi praktisk støtte og bidra til god intern kommunikasjon. Som ein del av leiarteamet vil du også ha ansvar for å bidra til vidareutvikling av barnehagen.
På avdeling vil du vere med på å skape eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barna. Du vil bidra til pedagogisk planlegging og gjennomføring saman med dyktige kollegaer, og vere ein trygg vaksen som støttar barna i leik, læring og utvikling.
Me ser etter ein person som ser moglegheiter og tek iniativ til å gjere Valle og Hylestad barnehagar endå betre for barn, foreldre og tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Delta i pedagogisk arbeid ved eingane i samarbeid med det øvrige personalet
- Bidra til fag- og organisasjonsutvikling
- Stadfortredar ved fråvær av styrar
- Delta i personal- og hms-arbeid ved eininga
- Vere ei rettleiande og fagleg støtte for personalet
- Vere ein del av grunnbemanninga i barnehagen
- Bidra til strategisk og analytisk drift av barnehagane
- Delta i arbeid med organisasjonskultur
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- Fordel med erfaring som styrar eller pedagogisk leiar
- Fordel med nasjonal styrarutdanning
- Fordel med studiepoeng innanfor veiledning
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein kandidat som
- Har interesse for leiing og barnehagefaget
- Er robust og har stor arbeidskapasitet
- Har interesse for utvikling og barnas beste
- Er villig til å gjennomføre utdanning innanfor leiing
- Er strukturert og evner å ha eit større perspektiv
- Trivast med å arbeide sjølvstendig og i team
- Trivast med nye utfordringar
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk 100%
- Eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- Gratis barnehage
- Ei triveleg bygd å bu i
- Løn etter avtale
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Kontaktinformasjon
Torgeir Andreas Helle, Barnehagestyrar, 94284357, torgeir.andreas.helle@valle.kommune.noArbeidsstad
Setesdalsvegen 34114748 Rysstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 4894746634
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2810460
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0a9c1faa13914da7900704982e7ad7a3