Hopp til innhold

Sakshandsamar i Sørfjorden barnevernsteneste

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Sakshandsamar i Sørfjorden barnevernsteneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. februar

Om stillinga

  • Ynskjer du å bidra til ei positiv endring for barn og familier i barnevernet og vere ein del av eit godt miljø med moglegheit for å påverke barn og unge sine oppvekstsvilkår? Då er du kanskje vår nye kollega! 
  • Sørfjorden barnevernsteneste er ei interkommunal barnevernsteneste som dekker Osterøy, Vaksdal og Modalen kommune. Osterøy kommune er vertskommune og barnevernstenesta er organisert og samlokalisert i Familiens hus i Osterøy. Barnevernstenesta disponerer og kontorer i Vaksdal kommune. I Familiens hus er barnevernstenesta saman med PPT, helsestasjon og barn- og familieteamet.
  •  Barnevernstenesta består av 12 årsverk fordelt på barnevernsleiar, kontorfagleg, teamkoordinatorar og kontaktpersonar. Tenesta er organisert i to team: undersøking- og tiltaksteam og omsorgsteam. 
  • Saman skal vi i Sørfjorden barnevernsteneste skape gode tenester og bidra til at barn og unge får rett hjelp til rett tid. Du kan bli ein del av dette viktige samfunnsoppdraget då barnevernstenesta har ledig fast stilling som sakshandsamar/kontaktperson. 

        Ved interne rokkeringa kan det verte ledig vikariat ved eininga.


Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter Lov om barnevern og anna relevant lovverk, forskrift og retningslinjer
  •  Undersøke og kartleggje barnet sin omsorgssituasjon og behov
  • Oppfølging av barn, unge og deira familier med tiltak
  •  Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnere 
  • Vere barnevernstenesta sin representant eller vitne i barneverns- og helsenemnda og øvrig rettsapparat

Vi tilbyr

  • Spannande, meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver, der du vil vere viktig for barn, unge og deira familier
  • Moglegheit til å påverke og organisere din eigen arbeidskvardag
  • Fast rettleiing og oppfølging
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gratis parkering
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum treårig relevant universitets-/ eller høgskuleutdanning
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
  • Ved tilbod om stilling vert det sett krav om gyldig politiattest
  • Ønskjeleg med arbeidserfaring innanfor barnevern

Kven er du?

Me ynskjer tilsette som:

  • er raus, audmjuk og tydeleg i møte med mennesker i krise
  • er sjølvstendig, fleksibel, strukturert og målretta 
  • har barnets beste i fokus
  • er fagleg og personleg trygg
  • er god på samarbeid og relasjonsbygging
  • meistrer stress og har tryggleik til å stå i krevjande situasjonar
  • har gode kommunikasjons- og framstillingsevner
  • er endrings- og lærevillig og med eit ynskje om å vere med å utvikle tenesta vår
  • Personlig eignaheit vert vektlagt.

     


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Kontaktperson for stillingen

Signe Emilia Erdal

Barnevernsleiar

+4795987574

signe.emilia.erdal@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

154dcef2-8d77-423c-8ffc-368586270695

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10281413

Lignende annonser

Sakshandsamar/kontaktperson i barnevernstenesta - fast 100% (moglegheit for vikariat)

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Isdalstø