Sunnfjord Utvikling søker trainee: Kommunikasjon og event
Framtidsfylket AS
Hafstadvegen 42, rådhuset, 6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Sunnfjord Utvikling har seks tilsette og ei nøkkelrolle i å forme framtida til Sunnfjord. Vi jobbar tett på næringslivet, gründerar og offentleg sektor for å skape vekst, innovasjon og berekraftig utvikling i regionen. Som nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune er vi ein pådrivar for nye etableringar, vidareutvikling av eksisterande verksemder og dei gode idéane. Med eit sterkt regionalt nettverk jobbar vi for å gjere Sunnfjord til ein attraktiv stad å skape, bu og arbeide.
No ser vi etter ein trainee som vil vere med og formidle desse historiene.
ArbeidsoppgåverDu vil få ei sentral rolle i kommunikasjonsarbeidet vårt og gjennomføring av marknads- og kampanjeaktivitetar. Det er viktig at du kan ta initiativ og jobbe sjølvstendig, sjølvsagt med støtte og råd frå gode kollegaer.
- Arbeide strategisk med kommunikasjonsplan og omdøme
- Produsere engasjerande innhald for digitale flater, som sosiale medium, nettsider og nyheitsbrev
- Planlegge, koordinere og gjennomføre arrangement saman med resten av teamet
- Kampanje- og prosjektarbeid
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Du tek initiativ, er kreativ og utfordrar oss med nye idear
- Det er eit pluss om du er opptatt av samfunns-/ næringsutvikling og berekraft
Som kommunikasjonstrainee i Sunnfjord Utvikling vil du oppleve varierte oppgåver. Den eine dagen er ein typisk kontordag med drift av nettside, publisering i sosiale medium og planlegging av ein kampanje, neste dag er du med og arrangerer ein stor konferanse. Som ny i arbeidslivet vil vi legge til rette for at du får ein god start. Kollegaene dine har lang erfaring med samfunns- og næringsutvikling, og vil gi deg gode råd og støtte på vegen. Vi gler oss til å bli betre kjend med deg, og er sikre på at vi kan lære mykje av din kompetanse. Arbeidsstad vil vere Peak Sunnfjord i Førde – eit moderne og sosialt kontorfellesskap.
Nysgjerrig på Sunnfjord? 👉 Her finn du det du treng for å bli kjend med korleis det er å bu, jobbe og leve her.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk.
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1534d8d1-c083-4d3b-9ba5-222dc15b8e39
- Sist endret
3. februar 2026
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
228b9c33-11f5-4dba-a1d5-da5a4d00e9f2
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Førde