Vikar som hjelpepersonell hjå Bygdelegane på Voss
Bygdelegane på Voss AS
Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikar som hjelpepersonell hjå Bygdelegane på Voss
Type ansettelse
Annet
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Frist: Snarast
Send søknad til
Bygdelegane på Voss er ein viktig helseaktør i lokalsamfunnet, og me jobbar kvar dag for å gje pasientane våre trygg og god helsehjelp. For at me skal kunne oppretthalde denne kvaliteten, treng me ein dyktig og påliteleg vikar som kan steppe inn når vårt faste hjelpepersonell er på kurs, ferie eller permisjon.
Per dags dato veit me at det vil koma ein lengre periode der me har behov for ein vikar fast. Dette er ei flott moglegheit for deg som ønskjer erfaring i helsevesenet eller ser etter ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Kven er du? Me søkjer ein person som:- Har erfaring innan helsevesenet.
- Er ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg.
- Klarer å ha mange "ballar i lufta" samstundes og jobbar effektivt i ein travel kvardag.
- Har gode samarbeidsevner og trivst med teamarbeid.
- Er omsorgsfull og flink i møte med menneske.
- Har god digital kompetanse og kan sette seg raskt inn i nye system.
- Ei spennande og variert stilling i eit godt arbeidsmiljø med nye fine lokaler.
- Moglegheit for fast vikariat over ein lengre periode.
- Lønn etter avtale.
- Verdifull erfaring for deg som ønskjer ei framtid i helsevesenet.
Er du den rette for oss? Send din søknad og CV til Elisabeth på e-post: elhjornevik@gmail.com via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Om bedriften
Sektor
Privat