100% stilling som vernepleiar ved Mjøstølen avlastning
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Kaldhagen 2, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 100% fast stilling som vernepleier i turnus ved Mjøstølen avlastning. Du går inn i ei langvaktsordning (12,5 timer) med moglegheiter for lengre friperioder. Arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga.
Mjøstølen avlastning yter tenester til familiar som har barn med ulike funksjonsvariasjonar. Vi yter også tenester til unge vaksne med funksjonsvariasjonar. Vi har døgndrift i lokale tett på Odda sentrum.
Vi er opptekne av at barna og familiene skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet inneber difor å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følgje opp individuelle behov. Vi samarbeider også med pårørande, skular, barnehagar og andre instansar, som spesialisthelsetenesta. Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester ved å støtte og hjelpe kvarandre i det daglege arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
Sjå til at rutiner knytt til brukarane er optimale og vert fylgde opp. Utvikle og fylgje opp rutiner og prosedyrer.
Medvirke til at tenesta har fokus på å prøve ut og iverksette velferdsteknologiske tiltak tilpassa målgruppa, og ha fokus på nye arbeidsmetoder.
Delta i fagleg samarbeid med andre verksemder, til dømes vurderinger hjå Tildelingskontoret eller dialog med Habiliteringstjenesten.
Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar:
Off. godkjend vernepleiar. Andre med minimum 3 årig helsefagleg utdanning på høgskulenivå, t.d. sjukepleiar, oppfordrast og til å søke.
Skriftleg og munnleg norskkunnskap
Erfaring fra veiledningsarbeid vert lagt vekt på
Erfaring frå bruk av IT verktøy
Erfaring frå arbeid med utfordrande og utagerande åtferd
Personlege eigenskapar:
Du må vere fagleg dyktig, engasjert og brenne for arbeidet du legg ned.
Du må vere systematisk, ha evne til å motivere andre og vere ein god lagspelar.
Du må ha ein god evne til å tenka kritisk, gi konstruktive tilbakemeldingar og arbeide sjølvstendig.
Du må vere ein positiv og engasjert medarbeidar som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø.
Du er fleksibel og positiv til endringar
Vi tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
For vernepleiar og sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tarifflønn.
Rekrutteringsavtale for nytilsette vernepleiar: kr. 30.000 etter 1 år, kr. 30.000 etter 2 år
Krav:
Politiattest
Godkjend tuberkulinstatus
Oppstart snarast mogleg eller etter avtale.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
14adea6e-4353-4eb9-86a6-2631787f45f3
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3565287_193155_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Sted
Kinsarvik