Er du god på koordinering og klar for å ta fagleg ansvar? Bli Disiplinleiar Maskin og Rør i Ulstein!
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Disiplinleiar Produksjon Maskin
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!
Oppgåver du vil jobbe med
- Ta leiinga for ditt fagfelt i prosjektet
- Sikre at produksjonen leverer i tråd med spesifikasjonar – til rett tid og innanfor timeramma
- Koordinere aktivitetar og ressursar innanfor fagområdet i produksjonen
- I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar for nybygg
- I periodar kunne gå inn i rolla som prosjektleiar i ettermarknadsoppdrag
- Følge opp og rapportere avvik – med klare analysar og løysingsforslag
- Utforme endringsordrar (Change Orders) når prosjektet krev justeringar
- Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta
- Ha kontroll på bortsett arbeid og sikre tilstrekkelig bemanning i prosjektet
- Vere ein viktig støttespelar for Site Team i utlandet
Kunnskap og erfaring vi ser etter
Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne å kommunisere både på norsk og engelsk.
Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
- Gode utviklingsmuligheiter
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt fagleg miljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitidsordning
Kontaktinformasjon
Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746, vidar.hungnes@ulstein.comAnne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5046624569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
147a18c0-480a-4c63-880e-5fa52b78af9c
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4db88dad4b5c4b77b5028a71106fc724
Lignende annonser
Disiplinleiar stål / stålutrusting
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Sted
Ulsteinvik
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Sted
Ulsteinvik
Arbeidsleiar stål/ stålutrusting
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Sted
Ulsteinvik