ID 2336 Kvilande nattevakt i avdeling Kåreviksmarkjo - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeider helse- og omsorg
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 50-75%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Hausten 2025 skal Stord kommune opne eit nytt bufellesskap for personar med funksjonsnedsettingar i Kåreviksmarkjo. Her skal det bu 7 aktive, unge menneske som treng bistand i kvardagen.
Me ønskjer å setja saman eit godt lag av tilsette som vil vere med å bygge opp ei ny avdeling. Me treng tilsette med ulik kompetanse og erfaring. Stillingane er i turnus med ein stor del kveldsvakter og vil ha arbeid anten kvar tredje eller kvar fjerde helg.
Avdelinga har ledige 3 faste stillingar for kvilande nattevakt med arbeid kvar tredje helg. Det er samla 175% stilling som kan fordelast mellom tre personar.
Stilling som kvilande nattevakt inneber aktiv tid i starten og slutten av vakta, og har kviletid om natta der ein kan sova. Personalbasen har godt tilrettelagde fasilitetar med eige soverom for nattevakt.
Kvalifikasjonskrav:
-
Det er ein fordel med helsefagleg fagutdanning, men andre med erfaring frå arbeid med brukargruppa er velkomne til å søkja.
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av diverse utstyr
-
Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson; Avdelingsleiar Tonje Halstensen Brørvik, tlf 984 74 607 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1477d97c-bbb3-40bb-a99d-f36affb8e021
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1477d97c-bbb3-40bb-a99d-f36affb8e021