Nye dagsenter Vetleflaten
Voss herad Nyhagen
Bjørnshovden 19, 5708 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vil du arbeide med aktivitet og mennesker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Nyhagen arbeid og aktivitetssenter er eit dagtilbod for personar med ulike funksjonsvariasjoner. Ved dagsenteret får ein tilbod om ulike arbeidsoppgåver, uteaktivitetar og sosialt fellesskap. Nyhagen er flytta til nye lokale ved Vetleflaten, og ein vil sjå på moglegheita for å finne nye aktvitetar og arbeidsoppgåver.
Er du kreativ og likar å tenkja nytt så er dagsenteret vårt den rette plassen for deg
100 % fast stilling som miljøterapeut/fagrådgjevar frå 01.08.25
Arbeidsoppgåver:
- Bistå brukar i daglege oppgåver ved dagsenteret
- Delta i tenesteutvikling og oppretta nye aktivitetar etter berhov
- Skapa tryggleik og struktur
- Vere ein god kollega og kunne arbeida i team
- Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for brukar på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og god kontakt med pårørande. Tilsette har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp
- Alle brukarane har tiltaksplanar og dokumentasjon er i fagprogrammet Aidn. Du vil få opplæring i å nytta dataverktøy
- Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Evne til å tileigna seg ny kunnskap og lika faglege utfordringar
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Løysningsfokusert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du må kunna arbeida målretta, vera uthaldande og trygg
- Fordel med erfaring i aktivitet med personar med funksjonsvariasjoner
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Til stillinga fagrådgjevar er det eit tillegg på kr 20 000,-
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Du bør ha førarkort.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931416
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3476941_213081_nn