Avdelingsleiar – kvalitet og pasienttryggleik
Fag og forsking, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. juli
Vi ser etter ein engasjert og trygg leiar til avdeling for kvalitet og pasienttryggleik i Helse Fonna.
Som avdelingsleiar hos oss får du det overordna ansvaret for strategiar, mål og planar for kvalitet og pasienttryggleik i heile Helse Fonna. Du vil leie ei avdeling med ni tilsette og rapporterer til fagdirektøren. Samtidig får du vere med å forme og vidareutvikle dette viktige arbeidet i tett samarbeid med klinikkane, leiarar og fagmiljø på tvers av føretaket.
Dette er ei leiarstilling med stort handlingsrom, meiningsfulle oppgåver – og eit samfunnsoppdrag som verkeleg betyr noko.
👉 Er dette noko for deg? Søk stillinga innan 1. juli 2025.
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Andreas Andreassen, fagdirektør, på telefon 46 93 30 44.
Kva går jobben ut på?
- Leie føretaket sitt arbeid med strategi, målsetjing og planar for kvalitet og pasienttryggleiksarbeid i samarbeid med klinikkane.
- Vera ansvarleg for vedlikehald og vidareutvikling av føretaket sitt kvalitetsstyringssystem i tråd med gjeldande krav.
- Utarbeide og følgje opp føretaket sitt program for interne revisjonar.
- Leie arbeidet med vidareutvikling av føretaket sitt system for risikostyring og leiinga sin gjennomgang.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant høgare utdanning - på bachelornivå, fortrinnsvis innan helsefag
- Formell kompetanse innan risikostyring og kvalitetsleiing
- God kjennskap til spesialisthelsetenesta sine oppgåver og organisering
- Erfaring med utvikling og vedlikehald av styringssystem i komplekse organisasjonar
- Erfaring med og kunnskap om system som støttar arbeid med kvalitetsutvikling i spesialisthelsetenesta
- Det er ein fordel om du har leiarerfaring.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har engasjement for fagfeltet
- kommuniserer og samarbeider godt med andre
- skaper engasjement og evner å motivere til endring
- har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ei spennande moglegheit til å leie, utvikle og bidra til varig forbetring i helsetenesta.
- Ein engasjert arbeidsplass med kompetente og dedikerte medarbeidarar.
- fagleg utvikling og støtte frå både fagdirektør og dyktige kollegaer.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Andreas Andreassen, Fagdirektør, +47 46933044Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4967963946
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Andreas Andreassen
Fagdirektør
+47 46933044
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
14581c48-0f3c-4311-8f5d-1248e8e952c0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f3fd28ad269647d6bd545582e69efcb6