Fagarbeidar ved Gullfjordungen skule
Voss herad Gullfjordungen skule
Geili 8, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
80% stilling som fagarbeidar i vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Gullfjordungen skule er ein barnskule for 1-7. klasse, med 150 born og 23 tilsette. Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og gamleskulen der SFO held til. Frå neste år blir SFO fordelt i to lokale då det fleire born på SFO enn tidlegare år. Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø, tverrfagleg tema og felles forståing av leseundervisninga.
Me har eit ledig vikariat i 80% stilling for perioden 03.02.2025 - 20.06.2025.
Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
Kvalifikasjonar- fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- anna relevant utdanning/erfaring vert vurdert
- me søkjer etter ein kreativ og dyktig arbeidar med god relasjonskompetanse
- det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte
- arbeide strukturert og løysingsorientert
- ha godt humør
- stillinga er fordelt mellom skule og SFO.
- i skuletida arbeider ein i heil klasse, kor du ivaretar elevar som treng oppfylging
- i SFO-tida tilrettelegg du for gode aktivitetar
- oppgåver knytt til drift av SFO
- utvida SFO
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819753
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3442429_212671_nn