Tannpleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannpleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. juni
Vi har ledig fast 100% stilling som tannpleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk. Det vil i periodar også vere aktuelt med teneste ved distriktstannklinikkane på Smøla og i Aure.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum.Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannpleiar.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Blir motivert av å jobbe for og med menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter tariffavtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Arbeidsstad
Fosnagata 126509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4969440521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sara Rutley
Overtannlege Kristiansund kompetanseregion
93050553
Ingri Nilsson Valle
Klinikkleder
45416614
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
- Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
- Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943685
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c041e9700dd9416aa6a56bf6003e07c9