Jordmor/sjukepleiar
Føde- og gynekologisk avdeling Stord
Tysevegen 62, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Jordmor
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Vi er ei kombinert føde-, barsel og gynekologisk avdeling med omlag 400 fødslar i året og 450 gynekologiske operasjonar. Avdelinga har seleksjonskriterier og samarbeider tett med fødeavdelinga, samt nyfødtintensiv ved Haugesund sjukehus.
Som jordmor hos oss kan du forvente ein variert arbeidshverdag som inkluderer føde, barsel og gynekologi. Vi legg stor vekt på god opplæring og sørger for at du får støtte frå våre erfarne kollegaer. Arbeidsmiljøet vårt er tverrfagleg og prega av eit sterkt fokus på samarbeid og fagleg utvikling, noko som gir gode moglegheiter for både personleg og profesjonell vekst. Stillinga er tredelt og inkluderer helgearbeid.
Viktig informasjon: Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til jordmorstillinga, vurderer vi å tilsette sjukepleiar i stillinga.
Dersom spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt!
Kva går jobben ut på?
- Fødsel- og barselomsorg
- Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar
- Tverrfagleg samarbeid
- Studentrettleiing
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som jordmor
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er strukturert
- har gode kommunikasjonsevner
- er pasientorientert
- har respekt for den enkelte pasient
- er sjølvstendig
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Hildegunn Horvei, Funksjonsleiar, +47 47241033, hildegunn.horvei@helse-fonna.noElisabeth Sortland, Avdelingsleiar, +47 91801476, elisabeth.sortland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 625416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4996116614
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
141b0e50-4921-4292-ba72-f4e33ac96f5b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
21e4238f649e46e2b79e7eeaba2b4765