Hopp til innhold

Er du ein som likar å jobbe med teknologi?

Arbeidsgiver

Nortura SA

Sted

Granden 8, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Automatikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. april

Hjå Nortura i Sogndal treng vi ein automatikar som vil vere med og sikre god drift i ei moderne matbedrift. Her får du bruke faget ditt på ein solid og trygg arbeidsplass, med teknologi som utviklar seg.

Vi produserer mat som betyr mykje for folk, og vi gjer det med moderne utstyr , automatiserte løysingar og kjende merkevarer som Gilde og Prior.

Arbeidsoppgåve

Du blir del av eit tverrfagleg team med automatikarar og mekanikarar. Arbeidet er variert, teknisk interessant og viktig for drifta:

  • Feilsøking og reparasjon av produksjons- og prosessanlegg
  • Førebyggjande og korrektivt vedlikehald
  • Arbeid med PLS, elektro, automasjon og mekanisk arbeid
  • Bidra i forbetringsarbeid og tekniske prosjekt
  • Delta i teknisk vaktordning og periodisk 2skift

Målet er enkelt: Stabil og trygg drift kvar dag.

Kven passar dette for?

Vi ser etter deg som har lyst på ein trygg jobb med gode kollegaer og høve til å utvikle deg innan faget.

Vi trur du:

  • Har fagbrev som automatikar (eller relevant teknisk fagbrev som f.eks elektriker)
  • Likar systematisk arbeid og gode, praktiske løysingar
  • Jobbar godt både åleine og saman med andre
  • Snakkar og skriv norsk og har litt engelsk språkkunnskap.

Erfaring frå næringsmiddelindustrien er kjekt, men ikkje noko krav.

Kvifor Nortura?

Hjå oss får du ein arbeidskvardag prega av ordna forhold, moderne utstyr og ei bedrift som satsar på folk og fag.

Vi tilbyr:

  • Robotiserte og moderne produksjonslinjer
  • Stødig og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for vidare kompetanse innan PLS, automasjon og teknikarutdanning
  • Løpande investeringar i utstyr og forbetringar
  • Ei rolle som bidreg direkte til trygg norsk matproduksjon

Goder og ordningar

  • Konkurransedyktig løn og tillegg for skift/vakt
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kantine og ansattbutikk med varer frå Gilde og Prior
  • Treningstilskot / treningsavtale
  • Bedriftshelseteneste og godt HMSfokus

Om bedriften

Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av om lag 15.500 norske bønder over hele landet. I Nortura bruker vi hele dyret og skaper verdier for folk, samfunnet og naturen selv. Nortura omsetter årlig for om lag 30 milliarder kroner og vi er ca. 4 500 ansatte i konsernet.

Nortura Sogndal produserer spekemat.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

13e92bd3-f293-485e-8b3b-9aa25463aac0

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

452978699

Lignende annonser

Laster lignende annonser