Skap trygge og gode dagar – bli helsefagarbeidar hos oss
Gol kommune Heimetenesta
Helsetunvegen 1, 3550 Gol
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Heimetenesta har ansvar for om lag 160 brukarar og yter tenester både i omsorgsbustader og i private heimar rundt om i bygda. Arbeidsdagane er varierte, innhaldsrike og prega av faglege utfordringar, raske omstillingar og meiningsfulle møte med menneske.
Vi har ei samansett personalgruppe med brei erfaring og ulik fagbakgrunn. Saman arbeider vi for å gi heilskaplege, koordinerte og framtidsretta tenester der brukarane sine ressursar og mål står i sentrum.
Heimetenesta i Gol kommune søker ein engasjert og fagleg sterk helsefagarbeidar som ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for innbyggjarane våre.
Vi tilbyr ei fast 100 % stilling.
Hos oss får du bruke breidda i kompetansen din, arbeide tett på menneske i ulike livssituasjonar og vere med på å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester. Vi er opptekne av kvalitet, fagutvikling og personsentrert omsorg, og vi legg stor vekt på godt samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver:- utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med brukarane sine behov
- bidra til meistring, tryggleik og sjølvstende i kvardagen
- støtte brukarane i daglege aktivitetar (ADL)
- følge opp ernæringstiltak
- utføre sårstell og medikamenthandtering
- observere og kartleggje helsetilstand og funksjonsnivå
- dokumentere og rapportere i journalsystem
- samarbeide med pårørande og ulike faggrupper
- bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring i tenesta
- autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning
- bestått norskprøve nivå B1, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
- møter menneske med omsorg, respekt og empati
- er oppteken av fag og utvikling
- arbeider sjølvstendig og tek ansvar
- er strukturert og nøyaktig
- er fleksibel, løysingsorientert og omstillingsdyktig
- kommuniserer godt og samarbeider godt med andre
- trivst med varierte oppgåver og høgt tempo
- har gode digitale ferdigheiter
Vi nyttar i dag Gerica som journalsystem, og vil ta i bruk nytt EPJ-system frå 2027.
Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt.Hos Heimetenesta i Gol får du:- eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende
- moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta
- arbeid med brukarar i alle aldrar og med ulike hjelpebehov
- fokus på personsentrert omsorg og kvardagsrehabilitering
- kurs, opplæring og fagleg utvikling
- dyktige, hyggelege og engasjerte kollegaer
Dersom du ønskjer ein meiningsfull jobb der du får kombinere fag, omsorg og menneskemøte – då håpar vi du sender inn søknad. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Send søknad:Benytt elektronisk søknadsskjema. Alle søkarar får kvittering på at søknaden er motteken, når det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist: 02.08.26Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
13e67fd0-ed97-425a-ace1-9d3d0040bf3e
- Sist endret
6. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3644479_177461_nn