ID 2268 Byggesakshandsamar - Regulering, byggesak og oppmåling
Stord kommune
5417 Stord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Byggesakshandsamar, ingeniør, sakshandsamar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Eining regulering, byggjesak og oppmåling (RBO) har i dag 12 medarbeidarar som sakshandsamar og jobbar innan fagområda reguleringsplan, byggjesak/tilsyn, mindre avlaupsanlegg, oppmåling og geodata. Me held til i rådhuset i Leirvik sentrum.
Eininga er i endring, og landbrukstenesta vil i løpet av 2025 verta tilknytt forvaltningseininga ved RBO. På sikt vil difor intern oppgåvefordelinga kunna endrast, etter dei tilsette sine interesser og kvalifikasjonar.
Det er no ledig fast 100 % stilling som byggjesakshandsamar.Stillinga vil inngå i eit forvaltningsteam med 5 tilsette innan fagområda byggjesak, tilsyn og utslepp.
Arbeids- og ansvarsområde:-
Sakshandsaming av byggjesaker og dispensasjonar etter plan- og bygningslova, inkl. klagesakshandsaming, og førehandskonferansar
-
Handsaming av utsleppssøknader (mindre avlaupsanlegg)
-
Rettleiing mot publikum og byggje- og anleggsbransje
-
Relevant utdanning på minimum høgskule-/universitetsnivå
-
Bakgrunn som jurist, ingeniør eller andre relevante yrker kan vera ein fordel
-
Relevant erfaring innan offentleg forvaltning kan vega opp for manglande utdanning
-
God digital kompetanse
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
-
Førarkort klasse B er ynskjeleg
-
Har gode samarbeidsevner og likar å jobba på tvers av ulike fagfelt
-
Har høg arbeidskapasitet og arbeidar strukturert og sjølvstendig
-
Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk skriftmål)
-
Er utviklings- og løysningsorientert i møte med anna fagpersonell, eksterne samarbeidspartnarar og utbyggings- og konsulentbransjen
-
Er initiativrik og har god relasjonskompetanse
-
Høve til personleg vekst og utvikling i arbeidet
-
Eit godt, hektisk og tverrfagleg arbeidsmiljø med spennande utfordringa
-
Medlemskap i Stord kommune ve og vel med bl.a. husvære i Røldal, hytte på Husøy inkl. båt, utleige av tilhengarar, m.m.
-
Løn etter avtale
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Offentleg tenestepensjon
For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Elisabeth Gjerde tlf. 469 64 985
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2831525
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
13e4fb0e-ce0b-4f6a-9dd6-d73d38644aee