Ledig svangerskapsvikariat som sjukepleiar ved Ulvik omsorgstun
Ulvik herad
5730 Ulvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Periode: 08.09.2025 -- 23.08.2025
Tilsetjingstilhøve: Vikariat, 90 -- 100%
Om stillinga
Ulvik herad har ledig svangerskapsvikariat som sjukepleiar ved Ulvik omsorgstun. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag -- du jobbar både inne på sjukeheimen og med sjukepleiaroppgåver i heimesjukepleien. Du vil også ha rolla som ansvarsvakt og leie teamet gjennom vakta.
Omsorgstunet er nytt frå 2019 og ligg i flotte, moderne lokalar rett ved fjorden. Stillinga er i 90-100% etter ynskje, og følgjer oppsett arbeidsplan, med arbeid kvar fjerde helg. Arbeidstida er dag- og kveldsvakter, i tillegg til beredskapsvakt (heimevakt) på ettermiddag og natt med utrykking ved behov. Denne arbeidstidsordninga legger opp til gode friperioder i turnus.
Arbeidsoppgåver
-
Utøve sjukepleie til bebuarar på sjukeheim og tenestemottakarar i heimesjukepleien
-
Ha ansvarsvakt og leie teamet på vakta
-
Ivareta sjukepleiefagleg ansvar og oppfølging
-
Dokumentasjon og kvalitetsarbeid
-
Rettleiing av kollegaer og studentar
-
Aktivt samarbeid i tverrfagleg team
Ynskte kvalifikasjonar
-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
-
Førarkort klasse B
-
Du er trygg i rolla som ansvarsvakt og har evne til å leie og prioritere i ein travel kvardag
-
Du jobbar effektivt og strukturert, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Du har god evne til samarbeid og kommunikasjon på nivå tilsvarande norsk B2.
-
Relevant vidareutdanning og/eller erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
-
Personleg eignaheit vert vektlagt
Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Vi tilbyr
-
Løn etter gjeldande tariff
-
Arbeid i nye, moderne lokalar med godt utstyr og mange funksjonelle løysingar
-
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Ein jobb i det mange meiner er verdas vakraste bygd
-
Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan frå februar og ut vikariatet
Om bedriften
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og eit breitt tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste, helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod.
Me held til i moderne lokalar både i Ulvik sentrum og på Ulvik omsorgstun (opna i 2019). Hos oss blir du ein del av eit kompetent og mangfaldig fagmiljø med gode kollegaer i alle aldrar og frå ulike bakgrunnar.
Om Ulvik
Ulvik -- perla i Hardanger -- ligg idyllisk til inst i Hardangerfjorden. Her møter fjord fjell, bre og skog -- og inviterer til friluftsliv året rundt. Ulvik har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø med idrettshall, symjehall og langrennsarena med lysløype. Me er stolte av våre festivalar, konsertar, poesiarv, siderproduksjon og levande bygdemiljø.
Les meir på: hardangerfjord.com
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
13d5aefd-0a66-4226-8fff-214ff86590c6
- Hentet fra
FINN
- Referanse
413448854