ID 2040 Familierettleiar - Sunnhordland interkommunale barnevernteneste
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom, barnevernpedagog, pedagogisk utdanning
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Antall stillinger
1
Som familierettleiar er du del av lag familierettleiar, som har 6 familierettleiarar samt miljøterapeut og miljøarbeidar. Ein må pårekne noko arbeid på ettermiddag/kveldstid, idag har familierettleiarane ein dag i veka med arbeidstid 12-1930.
Arbeidsoppgåver:- Planlegge og gjennomføre rettleiingsoppdrag i familiar hos barn som bur heime samt fosterheimar, i tråd med vedtak etter Lov om barneverntjenester
- Fremme positiv utvikling, tilknytting og endring for barn, ungdom og familiane deira gjennom familierettleiing, styrking av foreldrekompetanse og utviklingsstøttande samspel.
- Bidra som stabiliserande tiltak inn i akutte kriser som oppstår i familiar
- Er barnevernspedagog, sosionom eller har anna relevant utdanning på bachelornivå.
- Det er ynskjeleg at du har vidareutdanning innan eit eller fleire av områda: familieterapi, spe- og småbarn, rus og psykisk helse, fleirkulturelt arbeid, kompetanse innan familieterapi, COS, Emosjonsfokusert foreldrerettleiing eller andre metodar innan familierettleiing, samt innehar kunnskap om traumeforståing.
- Anna relevant rettleiingskompetanse/ erfaring vil vurderast.
- Har erfaring innan barnevernsfaget/ erfaring med utgreiings- og oppfølgingsarbeid med born og familiar.
- Har kompetanse innan arbeid med minoritetsfamiliar.
- Evnar å sjå situasjonen til barnet og familien i heilskap.
- Har engasjement for faget og fagutvikling.
- Er sjølvstendig, fleksibel, initiativrik, kreativ og har gode samarbeidsevner.
- Er systematisk, har evne til å handtera høgt arbeidstempo og stå i relasjonar over tid.
- Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg.
- Har sertifikat.
- Det at du er personleg eigna vil verte vektlagt.
Sunnhordland interkommunale barnevernteneste ynskjer ein arbeidsplass med auka mangfald. Me oppmodar difor personar med minoritets-/ fleirkulturell bakgrunn til å søkje stillinga.
Du vert del av:- Eit fagleg fellesskap rundt den enkelte familie
- Ein dynamisk og meiningsfull arbeidskvardag i ein organisasjon med godt miljø og høg trivnad
- Eit arbeidsfellesskap der det er mogleg med påverknad, endring og ny læring
- Du vil få individuell rettleiing samt vere del av vekentlege lagmøte
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar om stillinga hos einingsleiar Marianne Kannelønning, epost marianne.kannelonning@stord.kommune.no eller lagleiar Malene R. Eldøy, epost malene.rosland.eldoy@stord.kommune.no
Søknadsfrist: 11.06.23
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349333
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
13bd0482-4151-4d2c-9ad0-86d0488beb2c