Vil du jobbe med sikkerheit og risikostyring i helsesektoren?
IKT-sikkerheit, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Sikkerhetsrådgiver
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-miljøa på Vestlandet, og er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Vi stiller høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit, og med om lag 1300 system og over 30 000 sluttbrukarar, er vi ein sentral aktør i helsesektoren.
Seksjon for IKT-sikkerheit består av 15 engasjerte medarbeidarar, der fem har risikostyring som hovudoppgåve. Vi legg til rette for og gjennomfører risikovurderingar, har det daglege ansvaret for prosessane rundt informasjonssikkerheit, og styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern i Helse Vest IKT. I tillegg støttar seksjonen prosjekt med kravspesifikasjonar, leverandørstyring, internkontroll, handtering av hendingar, sikkerheitsarkitektur og sikkerheitskultur.
Helse Vest IKT har kontor i Stavanger, Haugesund, Førde og Bergen, og arbeidsplassen din vil vere i ein av desse byane.
🔐 Vi søker no ein Sikkerheitsrådgivar som vil vere med på å verne kritisk infrastruktur i helsesektoren. Hos oss får du ei sentral rolle i arbeidet med risiko- og sårbarheitsvurderingar (ROS), styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern (GRC), samt internkontroll og sikkerheitskrav i anskaffingar. Vi ser etter deg som vil bidra til auka sikkerheit og robustheit i ein av dei viktigaste bransjane i Noreg.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein sentral rådgivar og pådrivar i arbeidet med informasjonssikkerheit og personvern i heile organisasjonen.
- Planlegge, leie og fasilitere risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) som bidreg til trygg digital drift i helsesektoren.
- Vidareutvikle og operasjonalisere styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern.
- Opplæring og haldningsskapande arbeid innan informasjonssikkerheit.
- Vere med på å bygge god sikkerheitskultur – bidra til at sikkerheit blir opplevd som ein naturleg del av arbeidskulturen.
- Gi fagleg rådgiving i prosjekt, og sikre at sikkerheitskrav blir ivaretekne i anskaffingar og oppfølging av leverandørar.
- Forbetre og effektivisere arbeidsprosessar kontinuerleg.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan informasjonssikkerheit, teknologi, samfunnssikkerheit eller anna relevant retning, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
- Du har interesse for informasjonssikkerheit og ei nysgjerrigheit på korleis teknologi, risiko og organisasjon heng saman.
- Du har god munnleg og skriftleg formidlingsevne – både på norsk og engelsk.
- Du må kunne sikkerheitsklarerast, og politiattest vil bli innhenta.
- Strategisk, teknisk eller operativ informasjonssikkerheit, gjerne frå komplekse organisasjonar.
- Erfaring med risikostyring og risikovurderingar (ROS).
- Utforming og forvaltning av styringssystem for informasjonssikkerheit, personvern og internkontroll.
- Kunnskap om relevante standardar og rammeverk (ISO 27001, NSMs grunnprinsipp for IKT-sikkerheit, NIS2, TOGAF, CIS, CISSP og liknande)
- Bransjespesifikke krav, som GDPR, helselovgiving og regulatoriske rammeverk for sikkerheit og datalagring.
- Erfaring med revisjonar, internkontroll eller vurdering av modnad.
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team, men tek òg sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver.
- Du er strukturert, påliteleg og følger opp det du tek på deg.
- Du bygger gode relasjonar, bidreg til eit positivt arbeidsmiljø, og deler gjerne kunnskap med andre.
Vi tilbyr
- Eit sterkt fagmiljø innan IKT-sikkerheit, risikostyring og personvern – der du får jobbe med dedikerte kollegaer og samfunnskritiske problemstillingar.
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling, og støttar opp under samfunnsoppdraget.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – gjennom kompetansedeling, kurs og vidareutdanning.
- Fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor.
Søknader vil bli vurdert fortløpande.
Kontaktinformasjon
Knut Gjærde, Seksjonsleiar, +47 91677866Arbeidsstad
Øvregata 1265527 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4987079060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Knut Gjærde
Seksjonsleiar
+47 91677866
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
13b8cd2a-a308-40af-9065-22fd96c4d1b5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
903bec2b4831475bae8ba1b8c8a2ebe9