Ulstein Design & Solutions søker Finance Manager
ULSTEIN
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Finance Manager
Antall stillinger
1
For å styrke økonomifunksjonen ser vi no etter ein engasjert, initiativrik og fagleg sterk Finance Manager. Stillinga vil ha ansvaret for økonomistyring, økonomisk oppfølging og rapportering for selskapet og forretningsområdet Design & Solutions.
Finance Manager har eit ansvar for drift og utvikling av området i samsvar med gjeldande lover og strategi, og inngår i leiargruppa i selskapet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som Finance Manager vil du få eit overordna ansvar for økonomifunksjonen i forretningsområdet. Du vil ha personalansvar for økonomiansatte i det norske selskapet, samt være en kontrollfunksjon mot dei andre selskapa i forretningsområdet Design & Solutions. Du vil bli ein viktig rådgivar og sparringspartnar for leiarar og anna nøkkelpersonell.
Andre relevante ansvarsområde er
- å vidareutvikle økonomiske styringssystem i forretningsområdet
- å initiere og delta i utviklings- og forbetringsarbeid innanfor forretningsområdet sine prosessar og system
- prosjektrapportering med prognoser og analyser, selskapsrapportering og budsjettarbeid
- å støtte i sals- og prosjektgjennomføringsfasen
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare utdanning innan finans/økonomi eller rekneskap. Du har ein god forståing og interesse for system og teknologi, og brenn for kontinuerlig forbetring og å finne dei gode løysningane.
Videre ser vi for oss at du har
- erfaring innan controlling, rekneskap, økonomistyring eller liknande felt
- gode leiareigenskapar og gjerne arbeidserfaring som leiar
Ulstein tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Ein sentral og utoverretta rolle i forretningsområdet Design & Solutions.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.
Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.
Søknadsfrist: 17. oktober 2023 – søknader blir fortløpande vurderte
For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne
- Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200,
- Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål blir vedlagde søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Kontaktinformasjon
Jan Tore Hamnøy, Rådgiver, +47 411 02 200, jth@hamnoy.noMarita Stakkestad Hanstveit, Research & analyse, 452 53 909, msh@hamnoy.no
Arbeidssted
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: ULSTEINReferansenr.: 4709192049
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Forretningsområdet Design & Solutions utviklar ei rekke ulike skipsdesign, utstyrspakkar og systemintegrasjon. Vi arbeider tett med reiarlag, verft og ustyrsleverandørar, særleg innan segment som offshore energy, adventure og seafood. Våre løysingar er konkurransedyktige på kost gjennom heile levetida til fartøyet, der vi vektlegg auka effektivitet, driftssikkerheit og tryggleik i krevjande operasjonar.
For meir informasjon, sjå ulstein.com
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2437234
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e0f744cfd499490593ee0ddfb260779f