Me har spennande stillingar i heimetenesta for deg som er sjukepleiar!
Vindafjord kommune Heimetenesta
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Heimebaserte tenester er i utvikling og me treng å tilsette ein dyktig, fleksibel og engasjert sjukepleiar i 80-100 % fast stilling i indre sone.
Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i Ølen og Nedre Vats og gir tenester til brukarar som bur heime.
Basekontoret til indre sone er på Ølen omsorgssenter og me gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland.
Kva får du jobba med hos oss?- Gi våre brukarar fagleg gode tenester.
- Helsefaglege oppgåver som: God pleie, medisinsk observasjon, planlegga og utføra tiltak, prosedyrar, medikamenthandtering, primærgruppearbeid, ressursoppgåver, miljøterapi med meir.
- Ulike Velferdsteknologiske løysningar.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Fagleg vekst og utvikling i eit godt arbeidsmiljø.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg vekst og utvikling.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Hjå oss vil du møte heimebuande med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kroniske sjukdomar som krev langsiktig handsaming.
- Årsturnus dag/kveld. Frå 2026 vil en starte opp med langvakter i turnus for tilsette som ønskje å prøve ut denne arbeidstidsordninga.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Kandidatar med interesse for velferdsteknologi oppfordrast til å søka
- Relevant vidareutdanning
- Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Sertifikat for personbil klasse B
- Vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
- Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert
- Vil vera ein pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
- Bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet vårt
- Har eit ynskje om å arbeida med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov
- Du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeida med andre rundt deg
- Liker og å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Trives med til tider hektiske arbeidsdagar
- Er fleksibel og ser nytte av å arbeida på tvers av sonene
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2916083
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3490861_229841_nn