Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Nevroklinikken, Spinaleininga, Nevrokirurgisk avdeling
- Lungeavdelinga, Post 1
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1, Post 3
- Hovud-hals og auge avdeling, Hovud-hals og auge sengepost
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 1 og Post 2
- Medisinsk klinikk, Seksjon for infeksjon - Medisinsk overvakingseining (MOE
- Ortopedisk klinikk, Ortopedisk avdeling
- Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)
Oppgi øverst i søknaden kva stillingar du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.
Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019.
Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg, både for vaksne og barn. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 16 senger på sengepost og 9 senger på vår overvakingseining (NOVA). Sjukepleiarar på avdelinga blir venta, etter opplæring, å kunne jobbe både på NOVA og ute i avdelinga i ei rotasjonsordning.
Kontakt: Malene Alsaker, Tlf. 45458204
Lunge post 1 er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.
Kontakt: Lillian Hopland, Tlf. 55973552.
Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408.
Gastrokirurgisk avdeling, post 3 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 20 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i
heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god
på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får
du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på
fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Vi har 3-delt turnus med moglegheit for langvakter.
Kontakt: Marius Andreassen, Tlf. 55973508.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvardag? Avdelinga vår har fleire kirurgiske fagfelt og stipendordning for kreftsjukepleie. Det er stor variasjon av sjukepleie prosedyrar og arbeidsoppgåver. Det er svært høg trivsel i avdelinga med eit godt og trygt arbeidsmiljø og teamarbeid. Vi har fadderordning for nye sjukepleiarar, ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Ta kontakt om du ønsker ein omvising i avdelinga eller har spørsmål.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, Tlf. 55973515.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484 eller Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.
Medisinsk overvakingseining (MOE) behandler pasienter med behov for overvaking av ulike diagnoser på Medisinsk klinikk. Det kan eks. være Sepsis, Ketoacidose, Endocarditt, CNS infeksjoner, elektrolyttforstyrrelser, behandling med Bipap og pressor. Posten har 10 senger fordelt på 3 enerom og et dobbeltrom, og en overvåkingstue med 4 senger. To av rommene våre kan brukes som Luftsmitteisolat. Vi har primærsykepleie og et godt arbeidsmiljø i posten. Vi har fagutvikling og muligheter for videreutdanning. Dette er ein 2 delt stilling med jobb kvar tredje helg.
Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 55973722/90500928.
Ortopedisk avdeling består av 4 sengepostar som er inndelt etter fagområde. Ortopedisk infeksjonspost, Ryggseksjonen (OT vest) og Proteseseksjonen (OT syd) har no ledige stillingar.
Hos oss har vi fokus på godt arbeidsmiljø og gode utviklingsmuligheter.
Ønsker du å utfordre deg selv? Ønsker du å jobbe med et bredt spekter av ulike pasientgrupper? Ønsker du å jobbe i et hektisk, men supertrivelig arbeidsmiljø? Søk på OT da!
Kontakt: Henriette Helsengreen, Tlf. 55973363.
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT), Seksjon for blodgivning har ledig en fast, og et års vikariat som sjukepleiar Etter endt vikariat vil stillinga vere 100% fast ved AIT eller ved Bemanningssenteret i Helse Bergen..
Seksjon for blodgiving har ansvar for blodgiverne som kommer til HUS for å gi blod. Seksjonen drifter også Blodbussen. Arbeidsoppgåvene består av, tappe blodgivere og dagleg drift av seksjonen. Prøvetaking vil inngå som en del av stillinga. Dette er ein dagstilling med aftenvakt kvar onsdag.
Kontakt: Guro Ellen Gundersen Tlf. 55973016 mob.90936273
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4993292139
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
136956a1-9ed7-438a-b1ea-f2d1665ab598
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5f46396434d64d9fb4a12f2e1f409e0c