IT-konsulent
Tussa
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
Om jobben
- Stillingstittel
- IT-konsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har 116 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Tussa IKT har arbeid med datasenterteknologi i mange år og er ISO 27001-sertifisert
Selskapet er lokalisert i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes, Sykkylven og Stryn.
Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdVIT-konsulent
Vi utvidar konsulentmiljøet vårt, og ser etter deg som er løysingsorientert, utadvendt og kundeorientert. Du må vere opptatt av å yte god kundeservice, jobbe strukturert og systematisk, og beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg. Du må rekne med å måtte reise ut til kundar.
Arbeidsoppgåver:- Løysingsdesign til nye og eksisterande kundar
- Planleggje, konfigurere og implementere serverar og nettverksløysningar
- Administrere, feilsøkje og rette feil på serverar og nettverk
- Utfordrande og varierte oppgåver hos og for kundane våre
- Relevant utdanning og god teknisk forståing
- Erfaring med oppsett og konfigurasjon av brannmur og nettverksløysingar
- Ønskjeleg med erfaring innan serverløysningar som til dømes vmware, HyperV, Veeam og Windows-server
- Ønskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid
- Personlige eigenskapar vil bli vektlagt
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Oppmøtestad er fortrinnsvis ved hovudkontoret vårt i Ørsta, men andre Tussakontor kan vere aktuelt.
Vi kan tilby:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Kompetanseutvikling og sertifiseringar
- Konkurransedyktig løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om bedriften
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
135f8100-a629-43ea-b699-ca560ca78adb
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284558