Er du vår nye helsefagarbeidar?
Sikkerhetsposten, Valen sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
6. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten?
På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.
Vår erfarne helsefagarbeidar pensjonerer seg, og vi søker nokon som kan erstatte han. Vi søker ein helsefagarbeidar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast!
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.
På grunn av utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legger vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar
Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Søk no og bli med på laget vårt!Arbeidsoppgåver
- Omsorg og behandling tilpassa pasientens individuelle behov
- Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp
- Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik
- Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar
- Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk
- Handtering av utfordrande åtferd
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring
- Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar
Kvalifikasjonar
- Helsefagutdanning ( helsefagarbeider eller anna relevant utdanning)
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kven er du?
Vi ser etter deg som
- har god evne til å handtere utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa. Vi legg vekt på din evne til å handtere slike situasjonar.
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande sitasjonar med ro og fagleg haldning
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø
- Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring
- Varierte arbeidsplaner med muligheter for hver tredje eller fjerde helg, samt langvakter
- Etter eitt år får du ei avspaseringsveke på 35,5 timar i 100 % stilling
- Du får sikkerheitstillegg på kr 7300 per år – som aukar med kr 2400 etter to år
- Bli med på opninga av den nye, oppgraderte sikkerhetsposten i moderne lokalar
- Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset
- Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad, dersom du treng det
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for
inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Monica Lindseth, Funksjonsleder, +47 53466483Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4879515034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Monica Lindseth
Funksjonsleder
+47 53466483
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796331
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bada253eb1b642e7ad8bd41c0a13d3e9