Brenner du for miljøterapi og rusbehandling?
TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
30. juni 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
TSB-post (Tverrfagleg spesialisert rusbehandling) Haugaland DPS i Kopervik søkjer no etter:
- 1 vernepleiar i 100 % fast stilling
- 1 verne- eller sjukepleiar i 100 % vikariat (svangerskapsvikariat)
Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å bli vurdert til begge stillingane.
Om oss
TSB-posten (tidlegare Ungdomseininga) er ein del av det spesialiserte rusbehandlingstilbodet i Helse Vest.
Vi er ein døgnbasert eining med 7 behandlingsplassar for unge vaksne, og tilbyr både behandling og ettervern. Du blir ein del av eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, miljøterapeutar, lege og psykologspesialist.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du er med og gir viktig støtte i pasientane sin endringsprosess.
Kva går jobben ut på?
- Målretta miljøterapi
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Fysisk aktivitet som del av behandlingstilbodet
- Tilrettelegging for, og delta i samtalar
- Pasientbehandling i tverrfaglege team
- Legemiddelhandtering og ansvarsvakt
- Samarbeid med både interne og eksterne aktøra
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Har utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar (autorisasjon)
- Har erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og tverrfagleg samarbeid (ein fordel, men ikkje eit krav)
Du må ha førarkort og gode norskkunnskapar.
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, må du dokumentere norskkunnskapar på minimum B2-nivå (t.d. Bergenstesten).
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er trygg, tydeleg og engasjert i møte med pasientgruppa
- har gode relasjonelle evner og trivst i team
- er sjølvstendig, raus og møter dagen med eit smil
- har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
Kvifor skal du velje oss?
Jo, for di hos oss får du
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
- Gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som legg til rette for mangfald og inkludering.
Kontaktinformasjon
Eva Utseth Gangstø, Konst. funksjonsleiar, 52734300, eva.utseth.gangsto@helse-fonna.noArbeidsstad
Asaldalvegen 14250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4949048918
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 18.04.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2908053
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aff219d610fa4b52a78a4ca97c780a80