Helgestilling på natt ved Loftås bustad
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling ved Loftås bustad
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Om stillinga
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Vi har no ledig 1 helgestilling 13,38% fast, kvilande natt kvar 4 helg ved Loftås bustad frå 01.10.2025.
Loftås bustad gjer teneste til 6 unge bebuarar. Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar. Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Vise omsorg, skape trygghet og trivsel.
- Bidra til utvikling og meistring gjennom miljøarbeid og rettleiing ved behov.
- Legemiddelhandtering.
- Journalføring.
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Praktiske gjeremål i bustad, eventuelt andre delegerte oppgåver frå leiar.
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar både fagleg og personleg.
- Høg etisk standard og fagleg nivå.
- Opplæring med introduksjon til fagfeltet med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andres heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv. (digital opplæring og fysiske arrangement).
- Du får også opplæring i bustaden.
- Løn etter tariff og kompetanse.
- Gode pensjons og forsikringsvillkår
- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Fagarbeidar/assistent
- Interesse for omsorgsfag og arbeid med mennesker med utviklingshemming
- Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa
- Førarkort kl.B
- Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding
- Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
Kven er du?
- Du er punktlig og til å stole på.
- Du er ansvarsbevisst.
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
- Du er god på å samarbeide med andre.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
- Du er pålitelig, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
- Du er fleksibel og gjer det som trengs.
- Du er lojal mot felles beslutningar.
- Du spør når det er noko du er usikker på.
- Du har god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
Personlig egnethet vil verta vektlagt.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Solfrid Myking Lone
Avdelingsleiar Bu- og avlastningstenesta
+4741248159
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
13393bbe-18d9-432c-8631-7a1c4c92686e
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260510