Fast i sommarrute og ressursgruppe i ein attraktiv 2:4-turnus!
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Kvalvågnesvegen 681, 5956 Hundvin, 5620 Tørvikbygd, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros i ressursgruppe Vestland / Sommerruta MF Lifjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 9. mai
Fjord1 er eit av Noregs leiande ferjeselskap. Vi leverer trygg og påliteleg transport for passasjerar og kjøretøy langs norskekysten. No søker vi ein dyktig og engasjert matros som ein del av vår ressursgruppe, med fast omdisponering til sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord.
Dette er ein del av vår nye strategi for å styrke ressursgruppa gjennom faste tilsetjingar. Som matros vil du utanfor sommarsesongen vere ein del av ressursgruppa og bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy som MF Lifjord, MF Solskjel og MF Sogn.
Sommarrute: 1. mai – 30. september 2025 på MF Lifjord
Skiftordning: 98 timars arbeidsveke (14 timar per dag), med 2 veker på, 4 veker av.
Vi vurderer moglegheita for individuelle tilpassingar i skiftordninga i vinterperioden.
- Variert arbeid: Ein spanande og variert arbeidsdag med utfordrande oppgåver.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 4 veker av gir deg ein god balanse mellom jobb og fritid.
- Fantastiske kollegaer: Jobb saman med engasjerte og erfarne sjøfolk.
- Karrieremoglegheiter: Vi gir deg verdifull erfaring hos Noregs leiande ferjerederi.
- Moglegheit for å bu om bord, eller reise heim.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, og 4 veker av
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Kvalvågnesvegen 6815956 Hundvin
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4960318471
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2923961
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c1cdfbb9c99f4da2b6a5b664961d483f