Sjukepleiar eller vernepleiar
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar eller vernepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Vil du jobbe med rusfag og bidra til betre livskvalitet for andre? Vi søkjer deg som er strukturert, trygg i rolla di og ser moglegheiter i ein variert arbeidskvardag.
Avdeling TSB har ledig eit vikariat i 100 % stilling som behandlar i vårt LAR-team, lokalisert ved Nordlandet DPS i Kristiansund. Vi søkjer deg som er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar – gjerne med relevant vidareutdanning.
Målet vårt er å bidra til at pasientar med rus- og avhengnadsproblem opplever meistring og auka livskvalitet. Arbeidet omfattar individuelle samtalar og tett samarbeid med andre tenester.
Som LAR-behandlar får du hovudansvar for oppfølging av pasientar som får legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Du vil arbeide tett saman med to andre LAR-behandlarar og vere ein del av det tverrfaglege fagmiljøet i poliklinikken i Molde, som inkluderer lege, psykolog, sjukepleiarar og sosialarbeidarar.
Arbeidstida er for tida kvardagar kl. 08.00–15.30.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølgingsansvar for pasientar i planlagde og strukturerte forløp
- Eiga pasientportefølje i LAR med hovudansvar for oppfølging
- Medikamenthandtering og gjennomføring av overvaka legemiddelinntak
- Dokumentasjon og sakshandsaming i tråd med nasjonale faglege retningslinjer for TSB
- Samarbeid med fagpersonar frå spesialisthelsetenesta, kommunen og andre relevante instansar
- Internt samarbeid mellom Molde og Kristiansund – noko reising må påreknast (tenestebil er tilgjengeleg)
- Bidra med ditt faglege perspektiv i tverrfaglege drøftingar
- Noko ambulant verksemd må påreknast – eigen tenestebil vert stilt til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus – annan relevant kompetanse kan vurderast
- Erfaring frå rus- og psykisk helsearbeid er ein fordel
- Førarkort klasse B
- Gode munnleg og skriftleg norskkunnskapar (eller anna skandinavisk språk)
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, positiv og nytenkjande
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Strukturert og systematisk i arbeidsforma
- Gode relasjonelle ferdigheiter
- God skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing og fast internundervisning
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår
- På sikt vil LAR-teamet bli samlokalisert med vaksenpsykiatrisk poliklinikk ved SNR Kristiansund
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Elisabet Kallset, Teamkoordinator, 90035212, elisabeth.kallset@helse-mr.noMerethe Wenaas, Konst. seksjonsleiar, +47 97580780, Merethe.Wenaas@helse-mr.no
Arbeidsstad
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4989407330
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.08.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
13324631-4979-40c4-8d37-76c17a23d8a0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8492672142cf4af8bdc4de5208eb9f49