Helsefagarbeidar 80% fast stilling
Sulatunet, langtidsavdelinga
Stadsnesvegen 23, 6030 Langevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 80% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. april
Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod ved Sulatunet til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.
Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.
Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet.
Vi har ledig:
80% fast stilling som hjelpepleiar. Dersom du ønsker 100% stilling kan du oppgi det i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Grunnleggande hjelpepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
- Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper
- Samarbeid og involvering av bebuar og familie
Kvalifikasjonar
- Til hjelpepleiarstillingane søkjer vi etter ein autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med eldre mennesker
- Krav om politiattest for stillingane
- Oppgi referansar
Personlege eigenskapar
- Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det
- Gode faglege kunnskapar
- Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner
- Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.
Vi tilbyr
- Et positivt og engasjert fagmiljø
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll
- Forbedring av bemanningsplanlegging med planer om langvakter på helg
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Lokalt tillegg for helsepersonell (5000,-)
- Tillegg for vidareutdanning
- Tillegg for ekstraarbeide sommar 2025
- Rekrutteringstillegg
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Bente Mariann Strømmen, avdelingsleiar, 90153607, Bente.Mariann.Strommen@sula.kommune.noGrethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, Grethe.Juul.Molvaer@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 236030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4954416993
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2916758
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1bcfc9ec01dc4f378556d522051fe933