Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist / psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsevern ved DPS Poliklinikk Ålesund?

Vi søkjer ein engasjert psykologspesialist eller psykolog til fast stilling i våre allmennteam.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med brei kompetanse innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar, og får moglegheit til å bidra i utviklinga av eit framtidsretta og innovativt behandlingstilbod. DPS Poliklinikk Ålesund består av sju behandlingsteam; eit gruppebehandlingsteam, eit ROP-team, eit tidleg avklaringsteam og fire allmennteam med ulik fagleg profil. Allmennteama omfattar to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Dette gir høve til både breidde og fordjuping i klinisk arbeid.

Hos oss blir du del av eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø med brei terapeutisk kompetanse. Vi arbeider mellom anna med intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP), emosjonsfokusert terapi (EFT), kognitiv åtferdsterapi (CBT), EMDR og Prolonged Exposure (PE), og legg til rette for fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og kompetansedeling på tvers av team. Vi er opptekne av kontinuerleg utvikling av behandlingstilbodet. I løpet av hausten startar vi arbeidet med å etablere B4DT (fire dagars behandling) for angstlidingar. Vi ser på moglege løysinger innan eBehandling. Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal har også teke i bruk kunstig intelligens som støtte i journalskriving, med gode erfaringar.

Hos oss møter du eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse. Vi har 17 spesialistar innan psykologi og psykiatri, eit godt etablert rettleiingstilbod og stor interesse for fagutvikling og innovasjon. Vi legg vekt på stabile og samanhengande pasientforløp. Derfor søkjer vi medarbeidarar som ønskjer å vere ein langsiktig del av eit godt arbeidsmiljø, som er opptekne av relasjonsbygging, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.

Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarar kan utvikle seg gjennom heile karrieren. Hos oss møter du eit sterkt tverrfagleg fagmiljø der psykologar, psykologspesialistar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre faggrupper arbeider tett saman for å gi best mogleg behandling. Kombinasjonen av brei pasientportefølje, høg spesialistkompetanse, ulike terapeutiske retningar og eit aktivt fagfellesskap gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping, læring på tvers av profesjonar og vidare utvikling.


Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad
  • Samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i team og fagmiljø
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod
  • For psykologspesialistar vil oppgåver knytt til rettleiing og deltaking i inntaksarbeid vere aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi eller annan relevant spesialitet
  • Psykolog med autorisasjon og påbegynt spesialisering
  • Psykolog med lisens med snarleg påvente av autorisasjon er også velkomen til å søkje
  • Erfaring frå psykisk helsevern for vaksne og poliklinisk arbeid er ønskjeleg
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp vil bli vektlagt
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Har gode kliniske vurderingsevner og høg fagleg integritet
  • Skaper tillit og gode terapeutiske relasjonar
  • Bidreg til stabile og samanhengande pasientforløp
  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig med eigne behandlingsforløp
  • Samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Har interesse for fagutvikling og nye arbeidsformer innan psykisk helsevern
  • Ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar i eit etablert fagfellesskap

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, 70167300, havard.helgesen@helse-mr.no

Arbeidssted

Geilebergvegen 20
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5148903854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Håvard Helgesen

Seksjonsleiar

70167300

havard.helgesen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

132786bd-44bb-4dc4-ab82-3ebf2c621d6a

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6674ce5e85b048f68be4086a0bc10f2b

Lignende annonser

Laster lignende annonser