Spesialpedagogisk hjelp i barnehage - vikariat
Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Stranda kommune
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. mai
Dei tilsette har i hovudsak barnehagane som sin arbeidsstad, men har også kontortid og kontorplass saman med PP-tenesta.
Vi har ledig vikariat i 100% stilling for ein som skal yte spesialpedagogisk hjelp i barnehagane i Stranda kommune for tidsrommet 04.08.2025 - 27.03.2026
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med barn i barnehage som har ein individuell rett til spesialpedagogisk hjelp
- Forebyggande og systemretta tiltak
- Samarbeide med og rettleie andre tilsette i barnehagane og føresette, samt samarbeide med sakkyndige instansar.
Kvalifikasjonar
- Spesialpedagog, eventuelt anna relevant pedagogisk kompetanse
- Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- Gode IKT-kunnskapar
- Den som blir tilsett må har førarkort og disponere bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar med barn
- Sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Systematisk, strukturert og løysingsorientert
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsetteKontaktinformasjon
Tone Merete Lillebø, Kommunalsjef, 46411005, tonlil@stranda.kommune.noArbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4967450312
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2937521
- Hentet fra
talentech
- Referanse
13f689a3ee314e529b4c3330bfa1610c