Tannhelsesekretær
Tk Vestland - Spesialistklinikk
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Antall stillinger
1
Har du lyst å jobbe i eit spennande fagmiljø? Då er Spesialistklinikken ved TKVestland noko for deg!
TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Norge og tilbyr spesialisttenester til befolkninga i Vestland. Vi utfører undersøking og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikkar, samt rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 10 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus. Det er rundt 38 tilsette på spesialistklinikken.
Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.
Arbeidsoppgåver
Assistere tannlegespesialist i pasientbehandlingKontakt med pasienter/pårørende/samarbeidspartar
Sterilarbeid
Administrasjons- og resepsjonsoppgåver
Ta del i felles arbeidsoppgåver ved klinikken
Kvalifikasjonar
Det er krav om godkjend norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein strukturert, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.Det er viktig at du arbeider godt i team, kommuniserer godt med pasientar og er løysingsorientert.
Du må ha gode samarbeidsevner, og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du må evne å arbeide effektivt, prioritere, vere fleksibel og tole ein travel arbeidskvardag.
Du må ha ynskje om fagleg utvikling og vera open for ny kunnskap.
Det vil bli lagt stor vekt på motivasjon og personleg eignaheit for stillinga.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Etterutdanning og kurs for fagleg utvikling
Meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anne Marit Graue, klinikkleiar , 93061996Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834, martha.sorensen@vlfk.no
Arbeidsstad
Årstadveien 195009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4699160459
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2023
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2416877
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0fdab6ceda1a4a32b6a150bf0e6e44fd