Vikariat i avdeling for norskprøver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Fortunen 1, 5013 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Ledig vikariat i avdeling for norskprøver
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga og avdelinga
Avdeling for norskprøvar har ledig eit vikariat i 9 månader, med oppstart 1.april. Vi ser etter deg som har erfaring med produksjon av digitale språkprøvar og erfaring med digitale prøvesystem, til kontoret vårt i Bergen.
Avdelinga har ansvar for utvikling og drift av prøvar, både i norsk og norsk teiknspråk. Prøvane er digitale og gjennomførast fire ganger om året. Dei måler språkferdigheiter på ulike nivå, frå A1 til C1, etter nivåbeskrivelsar i Det felles europeiske rammeverket for språk. Vi har også ansvaret for å kvalitetssikre sensur av prøvane, produsere informasjons- og øvingsmateriell og arbeider for å gjere prøva og språknivåa kjend blant arbeidsgjevarar og andre samfunnsaktørar. I tillegg har vi ansvar for å bidra i utrgreiingar og høyringar.
Avdeling for norskprøvar har 19 tilsette med høg og variert kompetanse, og er lokalisert både i Bergen og Oslo.
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- Bidra i arbeidet med å implementera eit nytt digitalt system for norskprøva:
- bidra i utviklinga og tilpassing av prøva i det nye prøvesystemet
- bidra i avdelingens arbeid med å ta i bruk det nye prøvesystemet
- Andre oppgåver i avdelinga
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Du må ha:- høgare utdanning innan samfunnsfag eller språkfag. Relevant erfaring med utvikling av digitale prøvar kan kompensera for utdanningskravet
- arbeidserfaring med produksjon av språkprøvar i digitalt prøvesystem
- erfaring med testing av ulike oppgåveformat i digitalt prøvesystem
- god framstillingsevne på nynorsk og bokmål
- evner til å jobbe både sjølvstendig og i team
- erfaring frå offentleg forvalting, gjerne innan arbeidet med språktesting
- kjennskap til vurdering og testing av språk
- erfaring med redigering av film
Hos oss får du:
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling
- jobb i moderne kontorfellesskap med fagleg dyktige kollegaer
- fleksibel arbeidstidsordning og høve til å jobbe heimefrå delar av arbeidstida
- høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse som rådgjevar, med ei årslønn mellom
kr. 570 000 - 650 000 - medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar difor alle til å søkje jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gjer grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om unntak, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag, ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gje tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Sissel Mehammer
e-post: sissel.mehammer@hkdir.no
telefon: 97729544
Om bedriften
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted