Sjukepleiar innan psykisk helsearbeid
Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/ sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. april
Er du oppteken av å betre folkehelsa for menneske i Nordfjord kva gjeld psykisk helse? Brenn du for at menneske skal oppleve respekt, likeverd, medverknad og omsorg når dei møter vanskelege periodar i livet? Då kan dette vere arbeidsstaden for deg!
Nordfjord pyskiatrisenter, seksjon døgn har ledig 75% fast stilling.
Akkurat no er det deg som er sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid vi søkjer, men vi kan tilby økonomisk støtte og tilrettelegging ved vidareutdanning om du ikkje har denne.
Ved Nordfjord psykiatrisenter er vi opptekne av å gjere ein innsats for menneske som møter ulike psykiske vanskar i ulike fasar i livet. Ved Seksjon døgn har vi 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. På psykiatrisenteret er vi tre seksjonar med til saman omlag 80 tilsette, mellom andre psykologar, overlegar, lege i spesialisering, sosionom, helsesportspedagog, erfaringskonsulentar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.
Vi tilbyr
- Får jobbe saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver.
- Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
- Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
- Får vere ein del av ein større organisasjon i stadig utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Arbeidsoppgåver
- Ivaretaking og behandling av menneske som treng innlegging i psykisk helsevern
- Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
- Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
- Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar
- Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våra til det beste for pasientane
- Tredelt turnus inkludert arbeid på natt, arbeid kvar 3. helg
Personlege eigenskapar
- Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn
- Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
- Ønskje om fagleg utvikling
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
- Autorisert sjukepleiar utan vidareutdanning kan også søkje
- Interesse for fagfeltet
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Ønskjer du å arbeide med menneske midt i Nordfjord sin vakre natur? Då er dette stillinga for deg!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS døgn, (+47) 578 64 335Arbeidssted
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4941829975
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.05.2025
Søknadsfrist: 10.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Synnøve Merethe Johnsen
Seksjonsleiar NPS døgn
(+47) 578 64 335
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2900598
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b435398ef6c84f9e9e06fc1144d62ff8