Hopp til innhold

Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag – og bidra til meistring, trivsel og inkludering?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule

Sted

Oshaugen 6, 5202 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar ved Os ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, deltid 86%
Antall stillinger
7
Arbeidsspråk
Norsk

Os ungdomsskule har ledig:
• 2 x78% fast stilling
• Inntil 3 x 78 % engasjement som barne- og ungdomsarbeidar
• 1 x 86 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar (med særleg behov for kompetanse i teikn-til-tale – TSS)
• 1 x 78 % kombinert stilling: 38,5 % kantinemedarbeidar og 38,5 % fagarbeidar / assistent

Stillingane gjeld for skuleåret 2026/2027.

Vi ser etter deg som brenn for å arbeide med ungdom, og som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø – der alle elevar får oppleve meistring og tilhøyrsle.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som jobbar målretta med skuleutvikling, relasjonsbygging og livsmeistring for elevane våre.

Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har om lag 70 tilsette og 485 elevar, fordelte på 5–6 klassar per trinn. Skulen arbeider etter verdiane meistring, tryggleik og anerkjenning, og har eit sterkt fokus på gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø.

Arbeidsoppgåver
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du ha ein aktiv og viktig rolle i elevane sin skulekvardag:
• Leggje til rette for trivsel, utvikling og læring for alle elevar
• Vere tett på elevane gjennom heile skuledagen – både i undervisning og friminutt
• Arbeida førebyggande med læringsmiljø og psykososiale forhold
• Følgje opp enkeltelevar og bidra til inkludering og meistring
• Samarbeida tett med lærarar, føresette og andre faginstansar
• Delta aktivt i planlegging og utviklingsarbeid
• Vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen

For den kombinerte stillinga vil ein i tillegg ha ansvar for kantine:
• Planleggje, førebu og servere enkel og sunn mat
• Bidra til ein triveleg og inkluderande møteplass i kantina
• Følgje rutinar for hygiene, orden og matsikkerheit

Kvalifikasjonar
• Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjeleg
• Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
• Erfaring med eller interesse for arbeid med elevar med samspelsvanskar
• Kjennskap til ADHD og/eller autismespekteret er ein fordel
Kompetanse i teikn-til-tale (TSS) er særleg ønskjeleg for 86 % stillinga
• Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel
• Erfaring med elevar med høyrselsvanskar og/eller språkvanskar er ønskjeleg
• God relasjonskompetanse og gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kven er du?
Vi ser etter deg som:
• Er varm, tydeleg og trygg i møte med ungdom
• Har evne til å skapa gode relasjonar og bygge tillit
• Er engasjert, løysingsorientert og samarbeidsvillig
• Jobbar strukturert og sjølvstendig, men trivst også i team
• Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personleg eignaheit vil bli vektlagd. For nokre av stillingane oppmodar vi særleg menn til å søkje.

Kvifor jobbe hos oss?
• Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
• Meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter avtale
• Komprimert arbeidstid over 39 veker

Dette gir fri i elevane sine haust-, jule-, vinter- og påskeferiar, samt store delar av sommarferien.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

123dec1e-52d6-452b-96ed-d6cb2b0cee91

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3611847_207795_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser