Er du vår nye fagarbeider/pedagogiske medarbeider?
Søre Neset FUS barnehage as
Reset 32, 5208 Os
Om jobben
- Oppstart
- 16. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. november
I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage! Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og vi søkjer ein engasjert assistent/fagarbeidar som vil vere med på denne reisa.
Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?
Ja? Då er du kanskje den vi ser etter!
Søre Neset FUS barnehage ligg landleg og sentralt til på Lunde. Me har eit godt læringsmiljø og mange moglegheiter for leik og aktivitet i nærmiljøet rundt barnehagen.
Barnehagen har eit stabilt personalet og gode, leikne vaksne som set barnet først. Me har lang erfaring og høg kompetanse noko som kjem alle barna i barnehagen vår til gode. Me har i fleire år fått nærværpris som me er svært stolte av og som viser at i barnehagen vår har me nærverande vaksne som trivst og har det gøy på jobb.
Vi tilbyr:
- Ein variert og aktiv kvardag
- Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
- Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen
- Moglegheita for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus
- Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk
- Gode løns- og pensjonsvilkår
- Eigne FUS-klær
Arbeidsoppgåver:
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa
- Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
Vi ønskjer at du:
- Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre
- Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Er påliteleg og ansvarsmedviten
- Leiken vaksen som tør å by på seg sjølv
FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.
Stillinga er 100% fast og ledig frå 16 februar 2026.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1205c949-4dbd-40ba-aa03-5918156f3805
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee84fb28eb3d44b8a78f29a3ae957aee
Lignende annonser
Fagarbeider/pedagogisk medarbeider
Arbeidsgiver
Håkonshella FUS barnehage as
Sted
Mathopen, Bergen
Arbeidsgiver
Havhesten FUS barnehage as
Sted
Kolltveit
Pedagogisk leiar
Arbeidsgiver
Sjøliv FUS barnehage as
Sted
Torangsvåg